Arealoverføring vert brukt når arealet som skal overførast er større enn 5 prosent av opphaveleg areal. Du må søkja kommunen om løyve til arealoverføring.
Slik søkjer du:
Når du skal søka om arealoverføring må du sende inn søknadsskjema og vedlegg, dette sender du til post@laerdal.kommune.no
Søknadsskjema:
- Søknadsskjema «Søknad om løyve til tiltak utan ansvarsrett» frå Direktoratet for byggkvalitet
- Erklæring om arealoverføring
Vedlegg til søknaden:
- Situasjonskart som syner eksisterande eigedomsgrenser, i tillegg til omsøkte grenser (nye grenser). Arealoversikt må koma tydeleg fram. Kartunderlag kan hentast frå www.kommunekart.com
- Nabovarsel, skjema kan hentast frå Direktoratet for byggkvalitet
- Opplysningar gjeve i nabovarsel, skjema kan hentast frå Direktoratet for byggkvalitet
- Kvittering for nabovarsel, skjema kan hentast frå Direktoratet for byggkvalitet
- Om ønskeleg kan søknadsskjema for oppmålingsforretning også leggast ved (link kjem)
Vidare saksgang:
Dersom kommunen gjev løyve til arealoverføring vil det verte holdt ei oppmålingsforretning der grensene for dei aktuelle eigedommane vert klarlagde og skildra. Du må sende krav om matrikulering og rekvisisjon av oppmålingsforretning. Kravet kan sendast samstundes med søknad om arealoverføring, eller etter at løyve er gjedd.
For utdjupande reglar og vilkår knytt til arealoverføring sjå matrikkelforskrifta §33 og matrikkellova §15