Ved ei atomhending som kan få konsekvensar i vårt område vil Kriseutvalet for atomberedskap koma med råd eller pålegg om korleis me skal verna oss. I kvardagen kan me bli utsett for stråling, men det er mange gode tiltak for å verna seg mot dette.
Atomutslepp
Dersom Noreg vert utsett for atomutslepp/-nedfall, vil alle innbyggjarar bli varsla om dette raskt. I dei fleste tilfella, vil ein ha fleire timar/dagar på å kome seg i tryggleik og gjennomføra tiltak.
Dei viktigaste tiltaka som det vil kunne koma råd om er:
- Hald deg inne
- Ta jodtablettar
- Dusja dersom du er utsett for ureining
- Følgja kosthaldsråd
- Respektera myndigheitene sine avgjerder om sperring, reinsing eller evakuering
Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA) understrekar at risikoen for at det skal bli naudsynt å ta jodtablettar i Noreg er liten. Uavhengig av situasjonen tilrår DSA og DSB (Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap) alle under 40 år å ha jodtablettar som del av eigenberedskapen i heimen.
Lærdal kommune har som del av den nasjonale beredskap eit lager av jodtablettar. Kommunen har eit system for å dela ut dette dersom myndigheitene gir råd om det.
Radon og stråling
Me kan bli utsett for stråling/radon i kvardagen som kan vera helseskadeleg for oss. Dette kan vera forhold i eigen bustad eller på arbeidsplassen som gjer til at ein kan bli utsett for uynskja stråling, men det finst i dei fleste tilfella gode tiltak for å hindre dette.
Les meir om radon og stråling på Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet si nettside ved å klikka på denne lenkja.