Det skal leggjast asfalt fleire stader på Erdalsvegen (fv. 5627) og vegen blir difor stengt frå klokka 9 fredag 30.mai. Det er usikkert når på ettermiddagen vegen vil opna att, men dette blir det oppdatering på her på Lærdal kommune si nettside og Facebookside.
Busetnaden i Erdal blir ikkje råka av stenginga, altså skal asfaltarbeidet føregå høgare oppe på vegen.