Kven kan få tenesta?
Personar som har trong for følgje eller assistanse for å gå på kultur- og fritidsarrangement eller ved kollektivreiser kan søkja om følgjekort.
Om tenesta
Følgjekort gjer det mogelg for deg å ta med deg følgje utan ekstra kostnadar på kultur- og fritidsarrangement der ordninga vert akseptert. Du må betala for deg sjølv på vanleg måte.
Følgjekort vert tildelt til personar, som på grunn av funskjonsnedsetting har trong for følgjeperson på arrangement, kollektivreiser og fritidsaktivitetar. Eit følgjekort er veldig greitt å ha hvis du for eksempel har støttekontakt. Ordninga er eitt av fleire tiltak for å førebyggja isolasjon og gje auka livskvalitet til personar med funksjonsnedsetting.
Det er den einskilde arrangør eller verksemd som avgjer om dei aksepterer følgjekort, og kva rabatt følgjekortet eventuelt gjev. Følgjekort vert akseptert ved kommunale arrangement - for andre arrangement og aktivitetar, ta kontakt med vedkomande arrangør eller verksemd.
Me handsamar alle søknader konfidensielt.
Du kan lese meir om følgjekort ved å klikka på denne lenkja.
Du kjem til søknadsskjema for følgjekort ved å klikka på denne lenkja