Informasjon om eksamen og klage på karakter
- Kunngjering av trekkfag EKSAMEN 2023
Informasjon om dato for skriftleg eksamen våren 2023. - Til deg i 10. klasse
Informasjon om vurdering og klagerett. - Klage på standpunktkarakter:
Oppdatert versjon av Rettleiingsskrivet for klager på standpunktkarakterar i fag, (eller som skulen fyller ut). - Slik klagar du på eksamenskarakteren din
Under “Klagebehandling grunnskolen” på denne sida finn du informasjon om prosedyren ved klage på eksamenskarakter. Skulen vil hjelpe deg med å vurdere om du bør klage, difor er det viktig at du tek kontakt med kontaktlærar/faglærar straks du ynskjer å få ei slik vurdering.
Søknad om utvida tid ved skriftleg eksamen
For å søke om utvida tid ved skriftleg eksamen må du senda inn søknadsskjema til Lærdal kommune.
Elevar som har behov for utvida tid ved eksamen har rett til tilrettelegging. Dette er eit enkeltvedtak med klagerett etter søknad frå dei føresette. Rektor fattar vedtak etter sakkunnig tilråding (PPT eller lege). Søknadsfristen er sett til 15. april i eksamensåret.
Når du skal søkja vidaregåande skule
Elevane treng MinID når dei skal søkje vidaregåande skule. For å få ein MinID profil/-konto må elevane sjølve bestilla sitt aktiveringsbrev. Klikk her for informasjon om dette.
Når eleven har fått aktiveringsbrevet må aktiveringskoden fyllast inn, klikk her for å koma til sida der du skal gjera dette. Det er opptil 10 dagar leveringstid. Dei må òg aktivere sin MinID profil/konto innan frist for aktivering. Dersom det ikkje vert gjort, må du bestille nytt aktiveringsbrev. Me oppmodar difor dei elevane, som har behov for det, om å bestille MinID i god tid før dei skal søke vidaregåande opplæring.
Bakgrunnen for at ein no må gjera det slik er som følgjer: Tidligare har VIGO levert oversikt over alle avgangselevar til DigDir for produksjon av pinkodebrev for MinID. Pinkode-brevet har bestått av evigvarande kodar og dette er ikkje i tråd med regelverket og er erstatta av det nemnde aktiveringsbrevet.
- Hjelp til MinID? Kontakt brukerstøtte på tlf: 800 30 300 eller e-post: brukerstotte@digdir.no
- Kva er MinID? MinID er ein av fire elektroniske ID-ar du kan velgje mellom når du skal logge inn på offentlege tenester på Internett (blant anna vigo.no). Klikk her for meir informasjon.