Historikk
I nyare tid er mykje av Lærdal kartlagd for naturfare. Det er blitt betre metodar og auka kompetanse for å berekne naturfare, og strengare definisjonar på kva som er sikker bygging.
I dei seinare åra har meir og meir av Lærdalsøyri vorte definert i faresone for blant anna flaum. Lærdal kommune hadde fleire utbyggingsprosjekt på Lærdalsøyri i 2008-2011 som vart svært krevjande på grunn av kartlagd faresone for flaum på Øyri.
Kommunen hadde god dialog med NVE i ein del utbyggingsprosjekt, og vart då råda til å sende søknad til NVE om bistand til sikring av Lærdalsøyri. Søknaden vart sendt frå Lærdal kommune i juni 2012, og allereie månaden etter kom det stadfesting frå NVE på at dei ynskja å bistå kommunen i både planlegging og gjennomføring av eit sikringstiltak for busetnaden på Lærdalsøyri.
I dei neste åra var det både møte med grunneigarar, folkemøte, synfaringar, møte med kulturavdelinga og andre myndigheiter og fleire møte med NVE, for å planleggje alternative sikringstiltak langs Lærdalselva.
Oppstart av reguleringsplan vart varsla av kommunen, og NVE arbeida med ulike alternative løysingar samstundes. På grunn av stor mengde saker hjå NVE, stoppa arbeidet deretter opp nokre år, men i slutten av 2022 fekk prosjektet ei høgare prioritering att.
I løpet av 2023 har NVE og kommunen hatt god og ofte dialog om det vidare arbeidet, og prosjektet har vorte starta opp på ny. Flaumsikringsprosjektet på Lærdalsøyri har høg prioritet blant andre flaumsikringsprosjekt i landet.
Du kan lesa søknaden frå kommunen til NVE ved å klikka på denne lenkja
Du kan lesa stadfesting på bistand frå NVE ved å klikka på denne lenkja
I 2024 har det vorte utarbeidd ein moglegheitsstudie av Multiconsult på oppdrag frå NVE som tilrår Lærdal kommune kva flaumsikringstiltak ein skal gå vidare med. Det tilrådde alternativet er flaumvoll med tre ulike alternativ for trasé. Moglegheitsstudien tek utgangspunkt i nytt flaumsonekart for Lærdalsøyri. Moglegheitsstudien vart levert Lærdal kommune 15.oktober 2024.
Moglegheitsstudien for flaumsikring av Lærdalsøyri finn ein ved å klikka på denne lenkja
Flaum i Lærdalselva på 70-talet, før elveførebygginga vart utbetra til slik den er i dag.
Om flaumsikringsprosjektet
Store delar av busetnaden, sentrumsområde, næringsbygningar og offentlege bygningar på Lærdalsøyri ligg i flaumutsett areal ved større flaumar i Lærdalselva. Sjølv om me har hatt nokre store flaumar dei siste 20 åra som ikkje har gjort betydeleg skade, så veit me at risikoen er stor for at det kjem flaumar dei neste åra som er betydeleg større enn dei me har opplevd i nyare tid.
Dersom prognosar for storleik på storflaum slår til, kan ein slik flaum på Lærdalsøyri gjera svært stor skade på bebyggelsen, og i verste fall utgjera fare for liv og helse. Sidan så stor del av bebyggelsen er utsett for flaumfare, er eit sikringstiltak langs Lærdalselva høgt prioritert både av NVE og Lærdal kommune.
Sjølv utan flaum i elva får flaumfaren store konsekvensar for lærdølene. Mykje av busetnaden på Øyri er bygd i ein tid då ein hadde lågare kompetanse på naturfare, dårlegare metodar for å berekne framtidige flaumar og eit lite strengt regelverk for ny utbygging.
Regelverket for å byggja i område som er utsett for naturfare er betydeleg strengare i dag enn for få år sidan, dette for å verne både liv, helse, miljø og verdiar i samfunnet. For å unngå store forsikringsutbetalingar unødvendig, er fokuset på å verne verdiar i samfunnet også auka betydeleg. Kommunen har difor ikkje lov å opne for bygging i flaumsoner utan sikringstiltak.
Sikringstiltak kan vera heving av grunn, høgare grunnmur, sikringsvoll og anna. I mange tilfelle vil det ikkje verta tillete for bebuarar på Øyri å byggje nye bygningar som garasjar, lager, påbygg eller anna på sin eigedom, utan at dette vert bygd i flaumsikker høgde. Ved å etablere flaumsikringstiltak for heile Lærdalsøyri, vert denne situasjonen betydeleg endra for bebuarar på Øyri.
Framdriftsplan
NVE har engasjert Multiconsult til å koma med framlegg til alternative løysingar for sikringstiltak. I løpet av våren 2024 hadde kommunen og NVE mange møter, synfaringar og dialog med ulike myndigheiter, lag og organisasjonar, grunneigarar osv.
NVE og kommunen var på synfaring til austlandet, for å sjå på ulike sikringstiltak som er under planlegging, og som er gjennomførde. I løpet av året er ambisjonen at NVE og kommunen koma til semje om kva alternativ til løysing som skal jobbast vidare med.
Aktuelle sikringstiltak skal så prosjekterast av NVE i detalj, samstundes vil reguleringsarbeidet starta. Det skal parallelt jobbast med dialog med grunneigarar, og utkast til avtalar.
Det er ei målsetting at planarbeidet er sluttført i løpet av eitt år, og at detaljplanlegging og eventuelt grunnerverv/avtalar blir klare i denne perioden. Når ein denne målsettinga kan gjennomføring av sikringstiltaket starta i løpet av 2026.
Organisering av prosjektet
NVE har sett av eigen prosjektleiar for flaumsikringsprosjektet på Lærdalsøyri, og eigen assisterande prosjektleiar. Det er i tillegg fleire personar frå ulike fagfelt som er tungt involvert i planarbeidet. NVE har engasjert Multiconsult til å utarbeide alternative løysingar for tiltak, og dei har oppretta prosjektgruppe med tverrfagleg kompetanse for å gjennomføre oppdraget.
Lærdal kommune har per i dag ei prosjektgruppe samansett av fagpersonar innan plan, landbruk og teknisk som har ansvar for å følgje opp flaumsikringsprosjektet. Arealplanleggjar er foreløpig prosjektleiar, og administrativ og politisk leiing er godt involvert i arbeidet. I løpet av våren skal prosjektet forankrast politisk med truleg ei større prosjektorganisering.
NVE har ansvar for utarbeiding av ulike alternative løysingar, medan kommunen må vere med å velje løysing. Kommunen har ansvar for reguleringsplanen og avtalar med grunneigarar (og eventuelt grunnerverv).
Finansiering
NVE har førespegla kommunen ein finansieringsmodell der NVE dekkar 80 % av kostnad for gjennomføring av sikringstiltaket, medan kommunen dekkar restarande 20 % som eigenandel. I tillegg dekkar NVE planlegging- og prosjekteringskostnadar, medan kommunen dekkar kostnad til reguleringsplan. Endeleg finansieringsmodell for gjennomføring av tiltaket vert avklara etter val av løysing er avklara og kostnadsrekna.