Dersom grensemerka for eigedomen din er vekke, og du ynskjer å få sett ned nye, eller du er usikker på kvar grensene for eigedomen din går, kan du be om grensejustering.

Det er viktig å merke seg at det er det er eigar, eller festar, av eigedomen som er ansvarleg for å innhente dokumentasjon/underlag for å vise kor eigedomsgrensene går.

Slik søkjer du:

Når du skal søka om kartlegging av eksisterande grense må du sende inn søknadsskjema til post@laerdal.kommune.no

Søknadsskjema:

  • Bruk skjemaet «Rekvisisjon oppmålingsforretning» (link kjem)

Vedlegg til søknaden:

  • Situasjonskart som syner eksisterande eigedomsgrenser. Kartunderlag kan hentast frå www.kommunekart.com
  • Evt. annan dokumentasjon som til dømes skylddelingar.