Måla med tenesta:
- Å ivareta behov ved kort- eller langvarig funksjonssvikt.
- Bidra til at den enkelte kan klare seg sjølv i størst mogleg grad, med naudsynt helsehjelp til heimen.
- Bidra til at den som mottek hjelp etter kvart vert mest mogleg sjølvhjelpen.
- Behov for heildøgns butilbod førebyggjer ein ved at det vert tilrettelagt for at dei som kan, får bu i eigen heim så langt det er mogleg og praktisk gjennomførbart.
Kriterie og vilkår
- Heimesjukepleie vert tildelt personar som bur eller mellombels oppheld seg i Lærdal kommune og som grunna helsesvikt har behov for helsehjelp i heimen.
- All tildeling av tenester vert gjort på bakgrunn av kartlegging av funksjonssvikt (IPLOS), helsetilstand og etter individuell vurdering der brukarmedverknad vert vektlagt.
- Heimesjukepleie er eit tilbod til personar som på grunn av sjukdom og/eller funksjonsnedsetting ikkje sjølve har høve til å oppsøkja helsehjelp.
- Behov for tenesta vert vurdert fortløpande.
- Oppfølging av medisinsk handsaming.
- Help til at grunnleggjande behov vert ivareteke.
- Assistanse til lækjemiddelhandtering.
- Omsut ved slutten til livet.
Anna
- Innbyggjarar som treng akutt medisinsk/kirurgisk/psykiatrisk handsaming skal bli tilvist legevakt.
- Det kan formidlast kontakt med frivillige, som eksempelvis frivillighetssentral ved behov for følgje til ulike tenester, t.d frisør, fotpleie, lege, opphald i helse- og omsorgssenter, spesialisthelsetenesta og andre ærend. Dette inngår ikkje i heimesjukepleie.
- Alle som mottek heimesjukepleie i meir enn 3 månader har ret til fri tannlegebehandling ved offentleg tannklinikk.
Kva du kan forventa
- Alt personell har teieplikt
- Helsehjelpa vert utført av autorisert helsepersonell eller av andre under rettleiing av autorisert helsepersonell
- Tenesteytar har respekt for deg, livssituasjonen din og heimen din alle tilsette skal legitimere seg
- Tenesteytar vil samhandle med deg ved utføring av teneste og brukarmedverknad vert vektlagd
- Me yt tenesta slik dei kjem fram av i vedtak du har fått, innanfor dei tidsråmene me er samde om og med det innhald som er skildra.
- Om det av uføresette grunnar ikkje kan utførast teneste som avtalt, informerer vi deg snarast.
Forventningar til deg som mottek tenesta
- At du gjer deg kjend med innhaldet i vedtaket ditt om helsetenester i heimen.
- Deltek aktivt i planlegging og vurdering av tenesta.
- Gir melding til helse- og omsorgstenesta ved fråver som rører avtalte tidspunkt.
- Det vert forventa at tenestemottakar utfører dei oppgåver han/ho kan klare sjølv
heimen din er og arbeidsplassen til tenesteutøvar når tenestemottakar mottek helsehjelp i eigen heim. - Det vert forventa at det vert lagt til rette for eit godt arbeidsmiljø, slik at tenesteutøvar ikkje vert utsett for arbeid som medfører helserisiko, jfr. Arbeidsmiljølova. Herunder å akseptera naudsynt personleg utstyr og tekniske hjelpemiddel. Likeeins naudsynt tilrettelegging som eksempelvis ommøblering.
- Tenestemottakar syt for at veg er framkommeleg og trygg uansett årstid lys ved utedør, slik at det er lett å finna fram.
- God hygiene er viktig for både tenestemottakar og tenesteytar. Flytande såpe og tørkepapir skal vere tilgjengeleg.
- Respekt for vår teieplikt, og at vi ikkje kan diskutere andre brukarar.
- At du ikkje røykjer inne når dei tilsette er tilstades.
- At husdyr vert halde på eige rom når dei tilsette er til stades.
Medikament, sårbehandling og kosthald
Administrering av medikament:
- Det vert nytta som hovudregel multidose frå apoteket (ferdigdoserte medikament).
- Assistanse til å få teke medikament i dei tilfelle der ein ikkje sjølv kan handtere dette direkte frå multidose eller dosett, til dømes om ein har svekkja hukommelse/vurderingsevne eller anna betydeleg nedsett funksjonsevne av fysisk, psykisk eller sosial art.
- Injeksjonar der det medfører stort besvær å koma seg til legekontor for å få sett desse.
Sårbehandling:
- I dei tilfelle der det medfører stort besvær å koma seg til legekontor og det finst fagleg grunngjeving frå lege om at sårstell må utførast av helsepersonell.
- Prøvetaking og undersøkingar kan utførast i dei tilfella der det medfører stort besvær å koma seg til døme laboratorium/legekontor.
Kosthald:
- Kartlegging og oppfølging i høve ernæringsmessig risiko
- Tilrettelegging/smøring av brødmat
- Matombringing (Utført av Lærdal frivilligsentral)
Helsetenester i heimen
- Bistand til å stå opp og leggja seg
- At personleg hygiene vert ivareteke, herunder bistand til dusj og hårvask, heilvask, barbering og tannpuss
- Ordinær neglklypping (ytterlegare stell av negler/føter må ein få utført hjå fotpleiar)
- Hjelp med/opplæring i bruk av inkontinensutstyr, stomistell, kateterisering og stell av urinkateter
(I tråd med Rettleiande standard for tenesta “helsetenester i heimen”, jmf. Helse- og omsorgstenestelova §3-2 pkt 6 bokstav a; personleg stell og omsut)
Diverse
- Verdiane til kommunen er at respekt, engasjement, heider og likeverd skal prege tenestene våre.
- Det kan oppstå akutte situasjonar som medfører at oppdrag vert forskyvde. Ved vesentleg forskyving skal det meldast til tenestemottakar.
- Brukar må respektera at tenesteytar ikkje kan ta imot pengebeløp eller større gåver.
- I tenesta arbeider både kvinner og menn. Om du ikkje vil ta i mot hjelp av ein av desse, risikerar du å ikkje få hjelp denne dagen. Det er ikkje mogleg å tilrettelegge med enkelte kjønn, eller einskilde personar som ikkje kan inn i heimen din.
- Omsut ved slutten av livet: Det vert så langt det er mogleg tilrettelagt slik at tenestemottakar som ynskjer det får døy i eigen heim, omgjeve av sine næraste.
Tilsyn utan behov for praktisk gjeremål vert ikkje utført. Det kan søkjast om tryggleiksalarm.
Lærdal kommune skal syte for at personar som oppheld seg i kommunen vert tilbydd naudsynte helse- og omsorgstenester, jfr. Helse- og omsorgstenesteloven §3-1, §3-2 pkt 6 bokstav a.