Helsestasjon
Helsestasjon er eit tilbod med hovudvekt på kontrollar og konsultasjonar for born 0-5 år og foreldre/føresette. Tilbodet er gratis.
Opningstida er måndag til fredag 08.00 - 15.30, helsestasjonslege har kontortid kvar onsdag 08.00 - 15.30. Telefonnummer er: 48 17 29 85.
Alle barn blir jamnleg innkalla til konsultasjonar på helsestasjonen.
Kronologisk oversikt over konsultasjonar 0 - 5 år:
Alder | Helsesjukepleiar | Lege |
---|---|---|
Nyfødd | Heimebesøk | |
4 veker | I trygge hender, ruskartlegging. Vekt, | |
6 veker | Vekt, lengde, hovudomkrets. vaksine | Helseundersøking |
3 månadar | Vekt, lengde, hovudomkrets, helseundersøking, vaksiner. | |
4 månadar | Vekt, lengde, hovudomkrets. helseundersøking | |
5 månadar | Vekt, lengde, hovudomkrets, helseundersøking, vaksiner. | |
6 månadar | Vekt, lengde, hovudomkrets. helseundersøking | Helseundersøking |
8 månadar | Vekt, lengde, hovudomkrets. helseundersøking | |
10 månadar | Vekt, lengde, hovudomkrets. helseundersøking | |
12 månadar | Vekt, lengde, hovudomkrets, helseundersøking, vaksiner. | Helseundersøking |
15 månadar | Vekt, lengde, helseundersøking, vaksine. | |
18 månadar | Vekt, lengde, helseundersøking | |
2 år | Vekt, lengde, helseundersøking. Får innkalling pr post. | Helseundersøking |
4 år | Vekt, lengde, helseundersøking. Får innkalling pr post. |
Ta kontakt ved behov utover dette. Ring gjerne på førehand dersom du ynskjer avsett tid til samtale.
Vanlege tema for konsultasjon og samtalar:
- helseundersøking
- vaksinasjon
- søvn
- amming og ernæring
- tannhelse
- språkutvikling
- motorisk utvikling
- psykososial utvikling
- vald
- foreldre-barn samspel
- samliv
- støtte og rettleiing med tanke på barnet si psykiske helse.
Mellombels leiande helsesjukepleiar på helsestasjonen er Silje Langehaug.
Brosjyrer og informasjon tilknytt helsestasjon
Under følgjer lenkjer til nyttige brosjyrer, relevante nettsider og informasjonsskriv:
Barnevaksinasjonsprogrammet - FHI
Trygt sovemiljø for spedbarnet - lub/Helsedirektoratet
God informasjon hjå ammehjelpen
Mat og måltider for spedbarn - Helsedirektoratet
Vald og overgrep - Stine Sofie Stiftelse
Barns miljø og sikkerhet 0 - 6 mnd - Helsedirektoratet
Barns miljø og sikkerhet 6 mnd - 2 år - Helsedirektoratet
Barns miljø og sikkerheit 2 - 4 år - Helsedirektoratet
Barns miljø og sikkerhet 4 - 6 år - Helsedirektoratet
Når barnet skader seg - Helsedirektoratet
Hvis ulykken er ute - giftinfo.no
Ikkje røyk i nærleiken av born - Kreftforeningen (PDF, 282 kB)
Sikring av barn i bil - Trygg trafikk
Når skal barn haldast heime frå barnehage og skule ved mistanke om COVID - Helsedirektoratet
Om luftvegsinfeksjonar hjå barn og bruk av antibiotika - FHI
Skulehelsetenesta
Skulehelsetenesta er tilknytt Lærdalsøyri skule. Tilbodet er gratis, det er inga timebestilling
Skulehelsetenesta samarbeider med skule og fastlege. ved behov samarbeidar dei også med andre tenester for born og unge i kommunen, eller spesialisthelsetenesta.
Telefonnummer er: 48 17 29 85
Faste tilbod frå skulehelsetenesta
Klassetrinn | Faste tiltak i skulehelsetenesta |
---|---|
Ved skulestart | Samtale med helsesjukepleiar og måling av vekt og høgd. |
2. klasse | Tilbod om vaksine mot stivkrampe, difteri, kikhoste og polio. Foreldre følgjer. |
3. klasse | Måling av høgde og vekt. Oppfølging etter behov. |
5. klasse | Individuell helsesamtale. Helseopplysning om pubertet: kropp, grense, tankar og kjensler |
6. klasse | Tilbod om vaksine mot meslingar, kusma, raude hundar (MMR vaksine). Helseopplysning om vald og overgrep. |
7. klasse | Tilbod om HPV-vaksine for begge kjønn, to dosar. |
8. klasse | Individuell helsesamtale. Måling av høgde og vekt. |
9. klasse | Undervisning om psykisk helse. |
10. klasse | Vaksine mot stivkrampe, difteri, kikhoste og polio. Undervisning seksuell helse |
Aktuelle tema for samtalar og helseundersøking:
- Trivsel/klassemiljø/skulefråvær/mobbing
- Kroppen i vekst og utvikling, fysisk og psykisk smerte - magesmerter, hovudverk, søvnvanskar, stress/press/bekymringar, eteanskar, tristheit, sjølvskading, sorg
- Praktiske utfordringar og bekymringar når foreldre ikkje bur saman
- Nettvett/nettbruk
- Syn, høyrsel
- Seksuell helse og prevensjon
Helsesjukepleiar kan mellom anna rekvirere p-piller til jenter frå 16 til og med 19 år. Det er også høve til gratis klamydiatest. Helsesjukepleiar samarbeider med lege.
Brosjyrer og informasjon tilknytt skulehelsetenesta
Under følgjer lenkjer til nyttige brosjyrer, relevante nettsider og informasjonsskriv:
Barnevaksinasjonsprogrammet - FHI
Barns miljø og sikkerhet skulestart - Helsedirektoratet
Når barnet skader seg - Helsedirektoratet
Hvis ulykken er ute - Giftinfor.no
Hjelp ved seksuelle overgrep - noknorge.no
Føremål med helsestasjons- og skulehelsetenesta
Tenesta har som mål å fremja helse og trivsel blant barn og unge, samt førebyggje sjukdom. For å sikre arbeidet, held ein fokus på å gje råd og rettleiing til foreldre, drive helseopplysning blant barn, unge og foreldre. Vidare styrke ressursar hjå individet, og i familien for å byggje meistring, og hjelp til sjølvhjelp.
Helsestasjonen skal drive informasjon og rettleiing ved helseundersøkingar og vaksinasjon av barn og unge. Målet er å sikre at alle brukarane av helsestasjons- og skulehelsetenesta og får det tilbodet dei har krav på.
Tenesta skal også fange opp og bidra til at barn med særlege behov får oppfølging. Les meir på Helse Norge sine nettsider ved å klikka her.
Jordmor
Jordmor Satu Miilunpohja Henell har kontordag kvar tysdag 08.00 - 15.30, telefon 57 65 95 00.
Jordmor har ansvaret for svangerskapsomsorga i nært samarbeid med lege og helsesjukepleiar, evt. andre tverrfaglege samarbeidspartnarar. Dette gjeld og tida rett etter fødselen.