- Då eg starta i jobben var det kring 75 born i barnehagen. No er det 105 og på nyåret blir det enno nokre til, fortel styrar Anne Margrete Hatlelid i Lærdalsøyri barnehage.
Særs gledeleg tal, med andre ord - det er vel knapt noko små kommunar ønskjer seg meir enn at det sydar av liv i ein barnehage. For vel tre år sidan opna avdeling Blå att etter å ha vore stengt nokre år, og no er Lærdalsøyri barnehage altså nesten full.
- Blå er no avdelinga til Klubben, dei som har siste året i barnehagen før dei tek til i skulen.
- Bidreg veldig til oss
Det er 32 tilsette i Lærdalsøyri barnehage, og fleire trengst. Det ligg ute ei fast stilling som pedagogisk leiar, klikk på denne lenkja for å lesa stillingsannonsa. Det ligg også ute ei stilling som barnehagelærar, klikk på denne lenkja for å lesa stillingsannonsa. Begge desse stillingane har liggje ute ei god stund, og det er i praksis fortløpande søknadsfrist og tilsetjing.
- Det er veksten i barnetal som gjer at me treng fleire. I tillegg er fleire tilsette ute i fødselspermisjon, så me har også eit akutt behov for tilkallingsvikarar, fortel Hatlelid.
Når det gjeld tilkallingsvikarar er det ikkje krav om formell kompetanse, og ein treng ikkje fylla ut noko søknadsskjema for å bli tilkallingsvikar - då sender ein berre ein e-post der ein skriv litt om seg sjølv til styrar Hatlelid på denne adressa: anne.margrete.hatlelid@laerdal.kommune.no.
- Ein må jo så klart ha lyst til å jobba med born, men det er lov å berre prøva seg om ein ikkje har erfaring med slik jobb frå før. Det er heilt innanfor å seia at dette ikkje var noko for meg dersom ein kjenner på det etter å ha prøvd.
Som tilkallingsvikar kan ein ta dei vaktene eller jobba med den frekvensen ein sjølv ønskjer.
- Me har til dømes hatt tilkallingsvikarar som er delvis uføretrygda og teke ei til to vakter i veka. Og det er jo kjempeflott, det bidreg veldig til oss og kan vera bra for vedkomande.
- Har det kjekt på jobb
Det kan vera studentar, folk som har deltidsstillingar og tid og lyst til å jobba meir - og det kan så klart vera pensjonistar.
- Pensjonistar må jo ikkje tru at dei ikkje får lov til å jobba - og dei kan jo altså jobba når det passar dei.
Hatlelid fortel det er veldig godt arbeidsmiljø ved Lærdalsøyri barnehage.
- Me er vortne ein samansveisa gjeng og har det kjekt på jobb i lag. Det er tre karar blant dei 32 tilsette - prosentvis ikkje så mange, men me er frykteleg glad for dei me har - og tek veldig gjerne i mot fleire.