Hukommelsesteamet i Lærdal kommune

Hukommelsesteam er eit kommunalt lågterskeltilbod for personar med demens, eller med mistanke om demensutvikling, og deira pårørande

Hukommelsesteamet i Lærdal er eit tverrfagleg team som samarbeidar tett med fastlegane og anna helsepersonell i kommunen kring utgreiing og oppfylging av personar med demens

Ved mistanke om demens kan hukommelsesteamet hjelpa med kartlegging av funksjonsevne, heimesituasjon og eventuelle hjelpebehov til pasient og pårørande. Teamet er også ein rådgjevande instans som kan vere der for pasient og pårørande når de treng råd og rettleiing, eller berre nokon å prate med.

Klikk her for å sjå informasjonsbrosjyre hukommelsesteamet

 

 

Kven kan ta kontakt?

  • Personar med nedsett hukommelse
  • Pårørande, vener, kollegaer og andre i omgangskrinsa
  • Helsepersonell i kommunen
  • Fastlege

Hukommelsesteamet består av:

  • Tine Selmer Cruickshank – Leiar. Koordinator for pleie og omsorg
  • Synnøve Kvamme – Ergoterapeut
  • Hilde Hokstad – Demenskoordinator