Lærdal kommune vil ved krise/større hendingar nytte heimesida for å spreia rett og viktig informasjon til innbyggjarane.
Kommunen vil og i nokre tilfelle nytta SMS-varsling via varslingssystemet Varsling24. Slike SMS'ar kan sendast til alle som oppheld seg i kommunen, eller til geografisk avgrensa område, feks. enkelte grender eller bustadfelt.
Myndigheitene kan sende ut varsel til alle innbyggjarar i Noreg (eller nokre kommunar/fylke) via nødvarsling på mobil, radio (NRK P1), flyalarm eller tyfonar.
Les meir om varsling frå myndigheitene på nettsida Sikker kvardag ved å klikka på denne lenkja.