Har du noko du vil ta opp med ordførar Audun Mo og varaordførar Janne Marie Reppen - om du er irritert, engasjert eller begeistra; kva som helst, eigentleg - så møt opp i 1.etasje på rådhuset torsdag 12. desember mellom klokka 18 og 20.

Vanlegvis er kåffikopp med ordførar og varaordførar siste torsdag i månaden, men i desember fell den på 2. juledag. Difor bestemte ordførarkollegiet seg for å slå saman november- og desemberutgåva av tilbodet på torsdagen midt imellom, som altså blir no den 12te.

Og då blir det altså også julegløgg, i tillegg til kåffi og prat.