Lærdal kommune er rik på kulturminner, frivillig arbeid og engasjement. I løpet av året vert det arrangert tradisjonelle marknadar, musikkfestivalar, idrettsturneringar og større og mindre kulturarrangement.
I sommarsesongen kan du besøke Borgund Stavkyrkje, Nasjonalt villakssenter eller Sogn kunstmuseum. Om vinteren har du kort veg til skimogelegheiter på Filefjell, Hemsedal eller Aurlandsfjellet eller du kan delta på eit av dei mange arrangementa i Lærdal kulturhus.