Måleri av Hans Gjesme
GJS-00372, 1965

Sogn kunstsenter

Opningstider 2024

Stengt for sesongen. Opnar att juni 2025.

 

Gal og genial?

Stemmer myten om den gale og geniale kunstnaren? Kunstnaren Hans Gjesme (1904-1994) frå Lærdal vart paranoid schizofren og tvangsinnlagt på Gaustad psykiatriske sjukehus i 1955. Der budde han heilt fram til 1971. Han la ikkje ned kunstnarskapet sitt der inne, tvert imot. I denne store utstillinga får du eit innblikk i Gjesme sine verk frå denne tida.

Då han vart lagt inn, stoppa ei lovande karriere tilsynelatande opp. Den mykje utstilte målaren forsvann frå offentlegheita. Men inne på Gaustad i Oslo jobba Gjesme vidare. På veggane ved Sogn Kunstsenter stiller vi ut nærare 100 høgdepunkt frå dei 16 åra bak lukka dører. Fleirtalet av bilda har aldri vore vist fram offentleg før.

Kunstnaren lei av ein sjukdom der det til tider er vanskeleg å skilje kva som er verkeleg og ikkje. I denne tilstanden, ofte med «styggen på ryggen», skapte han sterke og kjenslevare bilete. Verka står ikkje attende for det han laga dei siste tiåra før han vart lagt inn. Og dei gjev eit meir nyansert og sjeldan innblikk i korleis det var å vere psykisk sjuk og kunstnar.

Besøk utstillinga og gjer deg opp dine eigne tankar om korleis psykisk liding kan påverke menneske si skaparkraft. Var Hans Gjesme gal og genial?

 

Sogn kunstsenter 

Sogn kunstsenter opna i 2011 og huser Gjesmesamlinga. Lærdalskunstnaren Hans Gjesme (1904-1994) donerte kunsten sin til Lærdal kommune rett før han døydde. Ut ifrå det vart Gjesmegalleriet etablert i 1998. Samlinga omfattar særleg mange landskap og portrett, skisser og ferdige arbeid, i ulike teknikkar som teikning, maleri, akvarell, pastell og skulptur. På grunnlag av denne samlinga på om lag 1500 verk, vart Sogn Kunstsenter bygd.

Les meir om Gjesme og utstillingane på Sogn kunstsenter sine heimesider hjå Musea i Sogn og Fjordane.

Artiklar om kunstnaren Hans Gjesme:

Hus hjå Hans Gjesme av Ingrid Norum

Hans Gjesme sine portrett av Ingrid Norum

Sjå måleria til Gjesme i Digitalt museum

Borgund stavkyrkje

Borgund stavkyrkje

Borgund stavkyrkje frå ca. 1182 ligg på Borgund i Lærdal, og er eitt av dei best bevarte minnesmerka i landet. Kyrkja er eigd av Fortidsminneforeningen, og Lærdal sitt kommunevåpen er to stiliserte dragehovud frå stavkyrkja.

Løytnantsbrygga
Løytnantsbrygga

Gamle Lærdalsøyri

Gamle Lærdalsøyri er eit unikt kulturmiljø med høg verdi både i lokal, regional og nasjonal samanheng. Strandstaden vart alt i 1970 regulert til spesialområde for bevaring med heimel i plan- og bygningslova. Eigen forvaltningsplan gjeld for området med buffersone. 

Fagrådet for Gamle Lærdalsøyri er eit uavhengig, rådgjevande organ som skal kome med faglege råd og innspel i samband med byggesaker i verneområdet. Leiaren er oppnemnt av kulturavdelinga i Vestkand fylkeskommune.

Vindhella
Vindhella

Kongevegen

Dei gamle vegane i Lærdal er mange og spektakulære. Flott ingeniørkunst kan ein sjå både i Vindhella og Seltåsen, og den gamle kongevegen over Filefjell er eit satsingsområde. Lærdal kommune har eit godt samarbeid med Statens vegvesen i forvaltninga av dei gamle vegane i dalen.

Laks
Villaks

Nasjonalt villakssenter Lærdal

Opningstider 2024

1. september - 30. september: 10:00-16:00
 

Nasjonalt Villakssenter Lærdal ligg inst i Sognefjorden på breidda av Lærdalselvi, ei av dei mest kjende lakseelvane i Norge. Senteret gjev dei besøkande innsyn i livshistoria til Atlanterhavslaksen, forvaltinga av dei ville laksestammane og tradisjonane kring laksefisket.

Her kan du sjå levande laks i lakseobservatoriet og delar av den nye utstillinga i senteret. I filmrommet kan du sjå filmen "Kampen for livet" og utanfor senteret kan du sjå uteutstillinga om laksen, hans liv og utfordringar. 

Marknadsstemning i Lærdal

Lærdalsmarknaden

Lærdalsmarknaden er ein friluftsmarknad som er blant dei eldste i Noreg med røter tilbake til 1500-talet. Lærdalsøyri låg godt til rette til marknadsplass. Her var det eit naturleg knutepunkt mellom aust og vest. Den eldgamle ferdselsvegen gjekk her opp frå fjordbotnen og over Langfjelli austover til innlandet. Sjølvsagt vart det då meir innbringande for bønder og handelsmenn å ha naust og sjøbuer her nede ved sjøkanten. 

Marknaden var og viktig for utveksling av kultur mellom bygdene og landsdelene og påverknad generelt utanfrå. Ungdom og tenestefolk strøymde til for moro og fest. Spelemenn frå Hallingdal og Valdres, møttest med spelemenn frå vestlandet. (Kjelde: Lærdal bygdebok IV Heim og ætt, Lærdal kommune, 2001)

Foreninga Lærdalsmarknaden arrangerer tre marknader årleg; Lærdalsmarknaden (tredje heile helga i juni), Haustmarknaden (siste helga i september) og ein Julemarknad på nest siste laurdagen i november

Telegrafen

Lærdal post- og telemuseum

Stengt for sesongen.

Telegraf- og telehistoria  i Lærdal strekkjer seg attende til 1856. Norsk Telemuseum si avdeling i Lærdal syner glimt frå ei spennande teknologisk utvikling. Maihaugen folkemuseum på Lillehammer er ansvarleg for ei interessant posthistorisk utstilling i same lokale.Gjennom fotografi og illustrasjonar, tekstar, gjenstandar, modellar og lydkulisser vert tilskodaren teke med på ei kort reise i lokal, regional og nasjonal posthistorie, under temaet ”Frå fjord til fjell”. I andre etasje vert det i sommar eit stort boksal med bøker frå biblioteket.