Undervisninga er fyrst og fremst retta mot barn og unge, men er også open for vaksne når tid og ressursar tillet det. I menyen finn du ei oversikt over dei ulike tilboda.

Me jobbar og med å utvide tilboda i kulturskulen vår, og vil gjerne høyre frå deg med dine ynskje. Bruk då kontaktinformasjonen under. 

Kulturskulen har undervisning 37 veker i året og følger elles skuleruta m.o.t. feriar. Normalt skjer inn- og utmelding i slutten av mai, men ein kan også søkje seg inn ved nytt kalenderår.

Undervisning i løpet av året kan bli erstatta med andre typar seminar og samspel i samband med til dømes musikal og andre arrangement. 

Annan kvar onsdag på dagtid tilbyr kulturskulen undervisning i song og instrument med Marita Vangen Bratteteig på Borgund. 

Eigenbetalinga for dei ulike tilboda står under dei ulike tilboda. Det er vedteke at ingen familiar betalar for meir enn to fulle plassar. 

Innmelding, oppseiing og endring skal gjerast elektronisk i skjema som du finn ved å klikka her.

Følg gjerne Lærdal kulturskule på facebook