Analyse og statistikk for ulike tema (Telemarksforskning)
Lærdal kommune har abonnement frå Telemarksforskning, som leverer analyse og statstikk digitalt til kommunen. Statistikken og analysane blir jamnleg oppdaterte gjennom året, og er alltid tilgjengeleg digitalt i siste oppdaterte versjon. Her kan du lesa om blant anna folketalsutvikling, framskrivingar, utvikling i næringslivet, tilflytting/fråflytting, arbeidsinnnvanding og mykje meir.
Du kan sjølv endre på årstal, årsseriar og ulike alternativ for å få fram den statistikken du er interessert i å vite meir om.
Statistikk og analysar for Lærdal kommune finn du ved å klikka på denne lenkja til Regional analyse sine nettsider (bruk helst nyare nettlesarar som f.eks. Crome, ikkje Internet Explorer)
Kunnskap om helsetilstand
Helseoversikt
Lærdal kommune har engasjert Telemarksforsking til å utarbeide Helseoversikt for innbyggjarane våre. Utarbeiding av Helseoversikt er no ei lovpålagd oppgåve, og i 2023 var fyrste gong kommunen fekk laga ei såpass omfattande oversikt over helsetilstanden til innbyggjarane.
Oversikt over helsetilstanden og faktorar som påverkar helsa vår dannar sjølve grunnlaget for eit kunnskapsbasert, systematisk og langsiktig folkehelsearbeid. Telemarksforsking har arbeida systematisk med innhenting av ein stor mengde data, analysar og statistikk, samt mange intervju og verkstadarbeid i tverrfaglege grupper, for å koma fram til resultata i rapporten. Du kan opna rapporten ved å trykka på denne lenkja.
Oversikt over kjelder for utabeiding av Helseoversikten kan du lesa ved å trykka på denne lenkja.
Folkehelseprofil og Oppvekstprofil for Lærdal
Folkehelseinstituttet utarbeidar årleg enkle oversikter over folkehelse og oppvekstvilkår for alle kommunar i landet. Statistikken er henta frå Kommunehelsa Statistikkbank. Dette er enklare oversikter enn Helseoversikten som vert vist til over. Du kan finne folkehelseprofil og oppvekstprofil for Lærdal ved å trykka på denne lenkja og søkja opp Lærdal kommune.
Ungdata
Ungdata er lokale barne- og ungdomsundersøkingar, der skuleelevar over heile landet svarar på spørsmål om korleis dei har det, og kva dei driv med på fritida. Undersøkingane er tilpassa born og ungdom på mellomtrinnet (5.-7.-trinn), ungdomstrinnet og i vidaregåande opplæring.
Ved å klikka på denne lenkja kan du finna resultat frå Ungdata-undersøkingar som er utført i Lærdal kommune. Då må du søkja opp Lærdal i søkefeltet.
Kunnskap om Lærdal i kart
Kommunekart
Her kan du finne informasjon om eigedomar og adresser, bygningar og godkjende byggjetiltak, reguleringsplanar og framlegg til nye reguleringsplanar på høyring. Når det gjeld oversikt over reguleringsplanar, så er denne under oppdatering, difor kan det vera feil eller manglar i oversikten til og med februar 2024.
Finn informasjon om Lærdal i Kommunekart ved å klikka her. (Menyen med planar, adresse osv finn du under “Kartlag”)
Fylkesatlas
Her kan du finne informasjon om svært mange ulike tema som naturmangfald, kulturminne, landbruk og mange fleire. Zoom inn på Lærdal kommune i kartet, og skru på dei temalaga du ynskjer å få kunnskap om (i meny til høgre). Dersom du får opp symbol eller farga område i kartet, kan du klikka på desse, og dermed få opp fakta om dei ulike registreringane.
Finn informasjon om Lærdal i Fylkesatlas ved å klikka her.
NVE Atlas
Her kan du finna informasjon om naturfare, sikringstiltak, kraftverk, linjenettverk og meir som NVE har ansvar for å formidla til offentlegheita. Zoom inn på Lærdal kommune i kartet, og skru på dei temalaga du ynskjer å få kunnskap om (i meny til høgre). Dersom du får opp symbol eller farga område i kartet, kan du klikke på desse, og dermed få opp fakta om dei ulike registreringane. Kontakt gjerne kommunen om du treng rettleiing for å sjekka naturfare for din eigedom. Det kan krevja noko kompetanse for å få forstå dei ulike temalaga og resultata, og det kan og vera kartleggingar som er gjort, som ikkje er tilgjengeleg i denne databasen.
Finn informasjon om Lærdal i NVE Atlas ved å klikka her.
DSB Kunnskapsbanken
Her kan du finnaq informasjon om ulike definerte farar/risikoobjekt, beredskapsfunksjonar og registrerte uynskja hendingar i kommunen. Zoom inn på Lærdal kommune i kartet, og skru på dei temalaga du ynskjer å få kunnskap om (i meny til høgre). Dersom du får opp symbol eller farga område i kartet, kan du klikka på desse, og dermed få opp fakta om dei ulike registreringane. Du treng ikkje logga inn/oppretta brukar for å nytta Kunnskapsbanken. Det er berre nokre tilsette i kommunen og naudetatar som har fleire tilgangar til informasjon ved å nytte innlogging.
Finn informasjon om Lærdal i DSB Kunnskapsbanken ved å klikka her.