Dei tre legane har kvar si pasientliste i tillegg til kommunale oppgåver som t.d helsestasjonen eller tilsynslege ved Lærdal bu- og omsorgsheim.
Når du treng time til lege, vert du sett opp til din fastlege. Dersom du tek kontakt same dag som du treng time på grunn av at noko akutt har oppstått, får du time til den som har legevakt den dagen.
Timebestilling, reseptar og sjukemelding
Du bestiller legetime ved å ringe oss, eller bestille via Helsenorge.no. Her kan du velje mellom vanlig legetime eller legetime via video.
Dersom du skal bestille time til blodprøvetaking, sårstell, fjerning av sting etc må du framleis ringe oss for å bestille time til dette.
Fornying av reseptar føretrekkjer me at du gjer via Helsenorge.no. Det kan gå inntil fem virkedagar frå ein tingar e-resept til legen har fått skrive ut resepten.
Eigenandelstaket for frikort for helsetjenester er satt frå 1. januar 2024 på 3165 kroner. (Eigenandelstaket for 2023 var 3040 kroner). Les meir om eigenandelstak på HELFO sine nettsider ved å klikka her.
Dersom ein er sjukemeldt og meiner det er grunnlag for å få utvida sjukemeldinga, må ein bestilla time hjå fastlege i god tid før sjukemeldinga går ut.
Fastlege
Kven som er din fastlege finn du på www.helsenorge.no si nettside. Der kan du også byta fastlege og bestilla legetime.
Alle personar som i folkeregisteret har status som busett i ein norsk kommune, har rett til fastlege. Personar med D-nummer har ikkje rett til fastlege. Fylgjande grupper med D-nummer har likevel denne retten:
- Asylsøkjarar med D-nummer, og deira familie.
- NATO-personell med D-nummer, og deira familie.
Fastlegar ved legekontoret er:
Fastlege Yasmin Akram
Fastlege Yaser Chaudary
Fastlege Maria Mouzaki
Nyttige telefonnummer
Legevakt: 116 117.
Sogn interkommunale legevaktsentral på Lærdal sjukehus er døgnbemanna, og tek imot telefonar til legevakta og handterer desse vidare.
Ved akutt sjukdom eller skade ring 113.