Vil du læra å laga ein song? Ynskjer du å skriva tekstar, laga dikt, noveller eller romanar? Vil du laga ditt eige, vesle teaterstykke, ein sketsj eller eit drama i tre delar?
Vil du kanskje få eit innblikk i korleis ein produserer ei låt frå start til sluttprodukt? Eller likar du alle instrument og ynskjer ikkje å låsa deg til eitt enkelt, men vil prøva ulike instrumentgrupper? Vil du kanskje læra korleis ein arrangerer ein konsert, ei utstilling eller event etc.?
Musikkinteressefaget tek sikte på å få med deg som er kreativ, vil utvikla deg, ynskjer å læra nye ting og til dømes har lyst å laga spanande kulturelle opplevingar for deg sjølv eller andre. Dette nye faget vert leia av rektor I Lærdal kulturskule, Ketil Thorbjørnsen. Med lang og rik erfaring frå kulturfeltet vil han bruka den kompetansen som ligg i kulturskulen til å utvikla talenta som fell utanfor dei meir etablerte disiplinane i kulturskulen.
Her skal det vera rom for krysningar av fagfelt, samarbeid, utvikling, studioarbeid, skriveøkter og kreativitet. Om du ynskjer å søkja på musikkinteressefaget så skriv du i innmeldingskjemaet kva du ynskjer å setja deg inn i eller læra.
- Lærar: Varierer etter kva felt ein veljer
- Elevavgift: kr 1 780,- pr. semester