Sosialhjelp kan ein no søkje digitalt i Lærdal kommune, her skal ein nytte NAV si nettside og logge seg inn som personbrukar. Klikk her for å koma til digitalt søknadsskjema og annan informasjon. om sosiale tenester.

Det er fleire fordeler med løysinga i høve papirsøknader. Søknad kan leverast når som helst på døgnet alle dagar.  Behovet for dokumentasjon er redusert. Dokumenta som krevst, kan lastast opp elektronisk. Løysinga innhentar mykje informasjon elektronisk, til dømes inntekt og skatteopplysningar.

Sakshandsaminga er dessutan raskare og tryggare. Personleg møte blir tilbydd ved behov. 

For andre tenester frå NAV, sjå NAV sine sentrale nettsider ved å klikka på denne lenkja. 

NAV Lærdal sitt ansvar for sosiale tenester, jmf sosialtjenestelova:

  • Oppysning, råd og rettleiing
  • § 17 Opplysning, råd og rettleiing
    Økonomisk sosialhjelp
  • § 18 Stønad til livsopphald
  • § 19 Stønad til særlege tilfeller
    Midlertidig bustad
  • § 27 Midlertidig butilbod
    Kvalifiseringsprogrammet
  • § 29 Kvalifiseringsprogrammet