Overordna kommuneplanlegging omhandlar dei heilt sentrale styringsverktøya i kommunen, her kommuneplanen og økonomiplan. Kommuneplanen er Lærdal kommune sitt overordna styringsdokument, og skal setje retning for utviklinga av kommunen i 10-12 år framover i tid. Kommuneplanen består av ein samfunnsdel og ein arealdel.
Samfunnsdelen inneheld dei langsiktige hovudmåla for Lærdal kommune både som samfunn og organisasjon, og kva strategiar me skal følgje for å nå måla. Kommuneplanen har fleire gjennomgåande omsyn: folkehelse, klima og miljø, areal, likeverd, innovasjon og beredskap. Det skal takast omsyn til desse punkta i all planlegging. Kunnskapsgrunnlaget består av faktainformasjon, folkehelseoversikt, analysar og anna, og peikar på viktige forhold som skal skape felles forståing for situasjonen i dag og utfordringar i framtida.
Måla i samfunnsdelen gir føringar for arealdelen, som viser kvar me skal byggje bustader, næringsbygg, grøntanlegg, turstiar og anna. Arealdelen er juridisk bindande. Samfunnsdelen skal følgjast opp av underliggande planar som konkretiserer prioriteringar og tiltak.