Kven kan få tilbodet? 

For å søkja om parkeringskort må du ha ei rørslehemming. Du må ha legeerklæring som dokumenterer at du ikkje kan gå eller har store vanskar med å gå over lengre avstandar. Du må kunne dokumentera behov for å parkera ved bustad, arbeid, legebesøk og andre aktivitetar.

Slik søkjer du 

Du kan søkja om parkeringskort både om du køyrer sjølv, eller om du er avhengig av å bli køyrt av andre. Ved å klikka på denne lenkja kjem du til søknadsskjema. Merk at du må leggja ved vedlegg/dokumentasjon som skildra i søknadsskjemaet. Dersom du får avslag, kan du klaga på vedtaket. Informasjon om klage kjem fram i vedtaksbrevet. 

Kva får du?

Du får eit kort med namnet ditt og eit bilete av deg på. Du kan då bruka kortet i ulike bilar og parkera på stader som er merkte for rørslehemma. Parkeringsbeviset er personleg og følgjer deg, ikkje bilen.

Ved å klikka på denne lenkja kjem du til Forskrift om parkeringstillatelse for forflytningshemmede