Det er Utval for miljø og samfunnsutvikling som er styringsgruppe for planarbeidet. Landbrukssjef Magnhild Aspevik er ansvarleg for utarbeiding av planen, i samarbeid med Miljøfagleg Utredning.
Det er eit mål å få planen godkjend i fyrste halvdel av 2024. Me legg opp til medverknad i planarbeidet med innspelsrundar og folkemøte. Tidspunkt for dette kjem me attende til.
Om du har spørsmål til planarbeidet, ta kontakt med Magnhild Aspevik.
Kommunedelplan for Naturmangfald
Lærdal kommune har vedteke å starta opp med utarbeiding av kommunedelplan for Naturmangfald. Planprogrammet finn du her.