PPT undersøker om barn og unge kan ha behov for ekstra hjelp i barnehage og skule. Du som føresett kan ta kontakt med barnehage eller skule om du er bekymra for barnet ditt.
PPT tilbyr opplæring/rettleiing til tilsette i barnehage og skular.
Vaksne som har rett til grunnskuleopplæring kan òg ha rett til spesialundervisning. Ta kontakt med oss om det gjeld deg. Kommunen og PPT skal vurdera å gje råd om kva du treng, og kommunen må gjera enkeltvedtak om spesialundervisning.
PPT sine teneste er frivillige og gratis.