Vesle julaftan har bydd på litt snø og fint vêr, så Lærdal går inn i høgtida i juleskrud - etter vêrmeldingane å døma varar ikkje snøen lenge, så ein får nyta den medan ein kan!

Samstundes er det viktig å hugsa på at julehøgtida kan vera tung for ein del - nokre føler seg einsame, nokre kjenner på sakn og nokre tykkjer det er ei vanskeleg tid. Desto viktigare å ta vare på kvarandre.

Nokre må også jobba i jula og når andre feirar at me går inn i eit nytt år - ein ekstra takk til dei!

Elles minner me om opningstider for ulike kommunale tenester, som du kan sjå ved å klikka på denne lenkja.

Lærdal kommune håpar alle får ei fredfull jul og ønskjer alt det beste i det nye året, når den tid kjem!