Fritidskassa skal sørgja for at barn og unge får høve til å delta i organiserte fritidsaktivitetar.

Tilbodet er eit ubyråkratisk lågterskeltilbod som femnar breitt, og familieøkonomien skal ikkje vera ei avgrensing.

I tett samarbeid med lag og foreiningar skal me i fellesskap nå meir direkte ut til dei barna som treng det, og sørgja for at økonomi ikkje er til hinder for dei som ønskjer å delta i organiserte fritidsaktivitetar.

 Barn og unge kan søkja på eigenhand gjennom eit forenkla digitalt søknadsskjema.

• Føresette eller idrettslag kan søkja på vegner av den det gjeld.

Rask og enkel søknadsprosess

Lærdal kommune si Fritidskasse skal gje bistand og støtte utan å krevja sensitive personopplysningar om utsette barn og familiane deira.

Søknadsprosessen er ubyråkratisk, rask og enkel, sidan me forvaltar Fritidskassa med stor tillit til deg som søkjar. Ved å klikka på denne lenkja finn du retningslinjer for Fritidskassa i Lærdal

Korleis søkjer du?

 Hugs å ha med informasjon om kva du søkjer om og kva det kostar.

 Me må også vita kven som er den føresette (forelder, omsorgsperson og kontaktperson).

• Ved søknad om å få dekt treningsavgift, kontingent og andre faktura, må me ha eksakte beløp. Me kan dessverre ikkje dekkja faktura som allereie er betalt.

Ved å klikka på denne lenkja kjem du til søknadsskjema for Fritidskassa i Lærdal

(If you use Google to translate the article, this link won´t work - you must use the original/Norwegian webpage to reach the application form. When you have reached the application form from there, you can use the translator in the browser to translate the form. If you need help to rech or fill in the form, send an e-mail to: post@laerdal.kommune.no)