Kulturmidlar
Lærdal kommune lyser kvart år ut kulturmidlar til frivillige lag og organisasjonar som arbeider innan kulturområdet i kommunen. I vurderinga av søknadane vil kommunen leggje særleg vekt på aktivitetsnivå, generell økonomisk evne og søkjaren sitt tilbod til barn og ungdom.
Retningslinjer for tildeling av kulturmidlar i Lærdal kommune
Skjema for søknad om kulturmidlar (krev innlogging med ID-porten)
Kultur- og idrettsstipend for ungdom
Lærdal kommune lyser kvart år ut kultur- og idrettsstipend for unge talent og utøvarar mellom 15 og 25 år. Føremålet med stipendet er å hjelpe unge, aktive kulturutøvarar til å søkje utvikling og framgang på sitt område.
I tillegg vil stipendet stimulere til kunstproduksjonar, kunstutøving, idrettsprestasjonar eller utdanning innanfor kultur og idrett. Stipendet kan også tene som ein honnør for særleg innsats og til vidare inspirasjon. Ein kan søke sjølv eller kome med framlegg om andre kandidatar.
Retningslinjer for tildeling av kultur-og idrettstipend for ungdom
Skjema for søknad om kultur- og idrettsstipend til ungdom (krev innlogging med ID-porten)