Å bli trafikksikker kommune inneber at ein oppfyller kriterier som tek utgangspunkt i lover og forskrifter innan trafikktryggleik som ein kommune er pålagt å følgja.
Dette handlar ikkje berre om rutinar som går direkte på sjølve vegane, skilting, strøing og så vidare – men til dømes også skulane og barnehagane gjev trafikkopplæring etter lovverket.
Les meir om ordninga og kriteriane ved å klikka her.
Det er Trygg Trafikk som har denne sertifiseringsordninga og Lærdal var den 173. kommunen i landet og den 14. i Vestland fylke til å bli Trafikksikker kommune då godkjenninga fann stad.