Her kan du lesa meir om prosjekta “Tett på barn og unge i Lærdal” og BTI-prosjektet. Prosjekta har ei eiga, informativ nettside Tettpålærdal.no, som de kjem til ved å klikke på denne lenkja
Tett på barn og unge i Lærdal
- Å sikra rett hjelp til rett tid
- At det ikkje skal ikkje vera personavgengig kven ein møter, altså kva stilling vedkomande har
- At dei som hjelper, skal ha tilgang til dei same verktøya
- Å ha tilgjengelege hjelpemiddel i kommunen for å førebyggja og støtta opp om foreldrerolla
Prosjektet BTI (betre tverrfagleg innsats) i Lærdal
Som ein del av prosjektet "Tett på barn og unge i Lærdal" har Lærdal kommune søkt og fått innvilga ein million kroner i tilskotsmidlar frå Bufdir til å utvikle ein samhandlingsmodell i kommunen.
Føremålet med ein samhandlingsmodell er å sikre tidleg identifisering og oppfølging av utsette barn. Det er bestemt at Lærdal skal nytte BTI-modellen. Modellen blir nytta av om lag 150 andre kommunar i Noreg, deriblant Årdal og Sogndal.
Modellen skal brukast av alle som arbeider med gravide, born, ungdom og foreldre/føresette og skal sikre tidleg innsats, samordning av hjelpetiltak, systematisk og lik oppfølging til brukargruppa.
Brukarane sin rett til å medverke i eiga sak står sentralt i BTI-modellen. I modellen skal det utarbeidast ein handlingsrettleiar som skal vere oppskrifta på korleis ein skal gå fram dersom ein undrar seg over eit born, altså gangen frå bekymring til handling. Samhandlingsmodellen og handlingsrettleiaren skal digitaliserast og vere tilgjengeleg for alle, også innbyggarar i kommunen.
I utviklinga av modellen er det viktig at brukargruppa får medverke og kome med innspel til kva som er viktige for dei. Dette skal gjerast gjennom å innhente innspel gjennom workshops og spørjeskjema. Ungdomsrådet og utval for levekår er allereie orienterte om prosjektet.
Dersom nokon har spørsmål om prosjektet kan ein ta kontakt med prosjektleiar Silje Eidsgaard Langehaug på e-post: silje.langehaug@laerdal.kommune.no
Illustrasjonsfoto av barn som er lei seg |
Skulemiljø
Alle barn har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse og trivsel. Dette har alle tilsette på skulen ansvar for.
Kapittel 12 om skulemiljø i opplæringslova er elevane si arbeidsmiljølov. Det er tydelegare krav og forventningar til kva skulen skal gjera, og reglane gjeld både i leksehjelpsordninga og i SFO. Det er lovfesta nulltoleranse mot mobbing.
Elevar eller føresette som treng nokon å snakka med om uro kring det psykososiale miljøet eller mobbing, kan snakka med kontaktlærar eller rektor på den einskilde skule. Du kan også kontakta helsestasjonen/skulehelsetenesta på telefonnummer 48 17 29 85.
Statsforvaltar
Dersom elev eller føresette melder frå om at eleven ikkje har det bra på skulen, må skulen laga ein skriftleg plan som seier kva som skal skje for at eleven skal få det trygt og godt. Denne planen skal føresette og elev ha medverka til og uttala seg om.
Dersom det ikkje har skjedd noko innan ei veke etter at elev eller føresett har meldt frå, kan eleven eller føresette kontakta statsforvaltaren, som vurderer om skulen har gjort det den skal med tanke på å retta opp situasjonen med eigna tiltak og laga ein aktivitetsplan.
Mobbeombodet
Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø. Mobbeombodet i Vestland er eit tilbod til alle barn og unge, og deira foreldre, som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen. Mobbeombodet rettleier i saker som handlar om psykososialt miljø, om barnet sine rettar og korleis du kan gå fram om eit barn ikkje har det bra. Mobbeombodet har teieplikt.
Alle kan ta kontakt med mobbeombodet; på telefon 57 30 03 33 eller på e-post mobbeombod@vlfk.no. Du kan følgje ombodet på Facebook eller på Instagram.
Du kan lese meir om ombodet og korleis du kan få hjelp nettsida til mobbeombodet.