Kommunale vegar
Samla lengde på kommunale gater og vegar er ca 88 km. Vintervedlikehald er delvis sett bort til private, i det ein leiger inn tenester til brøyting av vegstrekningar i Borgund og på Frønningen, samt all strøing av glatte vegar. Uteseksjonen utfører sjølv brøyting på gatenettet i Saltkjelen og på Øyri.
Fylkesvegar
Teknisk eining utfører vedlikehald på ein del fylkesvegar i kommunen for Statens vegvesen. For dette arbeidet yter vegvesenet ei godtgjersle. Samla lengd av fylkesvegane i kommunen er om lag 40 km. Godtgjersla skal dekke vintervedlikehald (brøyting og strøing), sommarvedlikehald, mindre reparasjonsarbeid på vegane.
Gatelys
Teknisk eining har ansvar for drift og vedlikehald av veglyset i kommunen.
Feil på gatelys kan meldast til tenestetorget tlf 57641200 eller epost: post@laerdal.kommune.no