- Kvifor akkurat Lærdal?

Det spurde dagleg leiar i Infraplast, Kim Eriksen, retorisk framfor dei frammøtte under opninga av den nye fabrikken i Lærdal.

Svaret gjekk hovudsakleg på strategisk plassering, tilgjengeleg og eigna lokale, gode kontaktar - som Jan Turlid, eigar av mellom anna Turlid Holding AS i Aurland - og godt samarbeid med Lærdal kommune, der ordførar Audun Mo, kommunedirektør Gunn Lerøy og næringsrådgjevar Ingeborg Lysne vart nemnde spesielt.

- Eigentleg fantastisk

Infraplast produserer kabelvern, røyr, plastprofilar og slangar. Det starta som ei familieverksemd i 1963, og dei har hovudkontor på Askøy utanfor Bergen. Så trong verksemda altså meir lokale og fleire folk for å kunne auka produksjonen, og der fall valet på Lærdal.

Ordførar Audun Mo overrekte blom til dagleg leiar Kim Eriksen (t.h) og marknadsdirektør Torbjørn Sæther
Ordførar Audun Mo overrekte blom til dagleg leiar Kim Eriksen (t.h) og marknadsdirektør Torbjørn Sæther 

Prosessen med å fasilitera lokala på Grandane - som Infraplast leiger av Lærdal kommune - starta i fjor, og produksjonen kom så smått i gang rundt juletider. 

Når me no skriv midten av juni 2023 er det 30 tilsette ved Infraplast i Lærdal, mange er rekrutterte lokalt. Dermed vart det framheva frå den enkle scena utanfor produksjonslokalet at eit industrieventyr er på gang i bygda.

- Plast er eigentleg eit fantastisk produkt.

Miljøfokus

Sjølvaste næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) skulle nemleg stå for sjølve opninga. Han ramsa opp at plast er svært anvendeleg, naudsynt og har lågt CO2-avtrykk.

- Problemet oppstår når plast hamnar på avvege, heldt han fram.

Næringsminister Jan Christian Vestre likte seg tydelegvis i Lærdal
Næringsminister Jan Christian Vestre likte seg tydelegvis i Lærdal

Difor er produkta til Infraplast så langt det let seg gjera basert på attvunne plast. For det omtalte Vestre verksemda og satsingsviljen i svært rosande ordelag.

Så fortalde han at han hadde besøkt Infraplast på Askøy, og at det var flott der også - men sumar i Lærdal sjarmerte tydelegvis ein entusiastisk næringsminister veldig.

- I dette vêret, med desse fjella, denne naturen og desse menneska; då kan eg ikkje tenkja meg nokon finare plass i heile universet.