Lærdal kommune nyttar Visma EasyCruit til rekruttering.
E-postar frå EasyCruit kjem ofte i søppelpost, så om du har søkt på ein stilling og ventar på tilbakemelding; sjekk søppelpost! Dette gjeld også andre varsel frå EasyCruit.
Søknader vert lagra i EasyCruit i eitt år. Om du søkjer på fleire stillingar i kommunen innan eitt år, kan du finna att brukaren og søknaden din, og bruka opp att opplysningane. Om det er meir enn eitt år sidan sist du søkte på ei stilling må du laga ny brukar og registrera alt på nytt. Denne avgrensinga er for å sikra personvernet ditt.
Me lysar ut nokre stillingar internt. Her er det berre tilsette i Lærdal kommune som kan søkja.