Personvernerklæringa skal gje tryggleik og tillit til at personopplysningar vert handsama korrekt og sikkert i Lærdal kommune.  
 
Du har rett til innsyn, og kan ta kontakt med dei ulike avdelingane våre, og be om informasjon om kva personopplysningar vi har om deg, kva dei skal nyttast til og kvar dei er henta frå. Dette gjeld både elektroniske og manuelle register. Du skal få svar innan 30 dagar.
 

Personvernombod

Arbeidsoppgåver til personvernombodet:

  • vera kontaktperson mot innbyggjarar og intern rådgjevar/rettleiar i kommunane for tenesteområda, kommunedirektør og administrativ leiing for handsaming av personopplysningar og reglane for dette
  • vera kommunen sin hovudkontakt mot Datatilsynet og gjere undersøkingar i konkrete saker
  • sjå til at behandlingsansvarleg har tilfredsstillande system for internkontroll i kommunen (risikovurderingar, avvikshandtering, rutinar og reglar osv.)
  • ivareta dei registrerte sine rettar
  • peika på brot i regelverk 
  • handtere krav om innsyn, sletting, korrigering med meir
  • halda seg oppdatert på utviklinga innan personvern
  • gjennomføre haldningsskapande arbeid og opplæring i kommunane
  • ombodet skal på ein uavhengig måte vurdere om reglane i personopplysningsloven blir følgd i kommunane

Personvernombodet skal ha eit sjølvstendig rapporteringsansvar til kommunedirektør.
 

Innsynsrett

Alle har rett til å kreva innsyn etter personopplysningslova og etter offentleglova.

Innsynsrett etter offentleglova
Alle har rett til å kreva innsyn i saksdokument etter offentleglova. Det er ikkje noko krav at du må ha ei sakleg interesse. Sjå offentleglova for meir informasjon.  Her finn du rettleiar til offentleglova og innsynsguiden til Sivilombodet.

Innsyn i dokument kan du bestilla fra postlista vår. Du skal få tilsendt dokumentet innan tre virkedagar. 

Vi jobbar med å få på plass fulltekstpublisering av offentlege saksdokument i løpet av 2023.

Innsynsrett etter personopplysningslova kan du lesa meir om i teksten under.

Kva er personopplysningar?

Personopplysningar er all informasjon eller vurderingar som kan knytast til deg som enkeltperson.  All handsaming av personopplysningar er regulert av personopplysningslova. Denne lova skal ivareta ditt personvern gjennom å setja krav til korleis slike opplysningar skal handsamast.

Dette kan for eksempel vera namn, identifikasjonsnummer, fødselsdato, telefonnummer, adresse, bilete, e-postadresse, opplysningar om finansielle forhold, mv.  

Kva er sensitive personopplysningar?

Personvernregelverket skil mellom personopplysningar og særskilde kategoriar av personopplysningar (tidlegare kalt sensitive personopplysningar). 
Særlege kategoriar personopplysningar er opplysningar om:

  • rasemessig eller etnisk opphav 
  • religion
  • helseopplysningar
  • seksuelle forhold eller orientering
  • politisk oppfatning
  • filosofisk overtyding
  • fagforeiningsmedlemskap
  • genetiske og biometriske opplysningar

Slike særskilde kategoriar personopplysningar krev eit ekstra vern. 

Grunnleggjande personvernprinsipp

All handsaming av personopplysningar i kommunen skal skje basert på grunnleggjande personvernprinsipp.

Kommunen skal handsama personopplysningar om deg:  

  • lovleg, rettferdig, korrekt og med openheit 
  • basert på tydeleg definerte føremål 
  • på ein måte som avgrensar innsamlinga til det som er naudsynt
  • på ein måte som gjer at desse ikkje blir lagra lenger enn det som er naudsynt eller pålagt 
  • konfidensielt og verna mot utilsikta endring 
  • på ein tilgjengeleg måte 
  • på ein måte som sikrar at dei blir haldne oppdaterte 
  • på ein ansvarleg måte for å sikra at personvernet ditt blir ivareteke 

Kvifor og korleis samlar kommunen informasjon om deg?

Føremålet med innhenting 

Lærdal kommune handsamar personopplysningar når kommunen skal tilby kommunale tenester og/eller utføre lovpålagte oppgåver, samt for å kunne sakshandsama henvendelsar frå deg. Dette kan vera kontaktopplysningar som namn, adresse, telefonnummer og e-postadresse samt opplysningar som er naudsynte for å identifisera deg, som t.d. fødselsnummer eller informasjon om kjønn og statsborgarskap. 

Kommunen kan trenga opplysningar om din relasjon til andre, for eksempel namn på din ektefelle, sambuar, born og / eller sivilstatus eller opplysningar knytt til dei tenestene du som innbyggjar nyttar, eksempelvis barnehage, skule, byggjesak, renovasjon og/eller helsetenester  

Me samlar t.d. inn personopplysningar når du har:

  • bede om innsyn
  • meldt deg på eit kurs eller eit seminar
  • sendt oss ei melding eller søknad
  • motteke eller sendt brev til Lærdal kommune eller abonnerer på nyheitene våre
     

Korleis me hentar?

Me får opplysingane frå deg t.d. gjennom søknadar om kommunale tenester, søknad om arbeid og e-post eller brev du sender til oss. Informasjonen vert nytta når me yter deg tenester. Viktig informasjon om t.d. helsa di kan, dersom det er behov for det, sendast vidare til sjukehus. Sjukehuset vil også sende helseinformasjon om deg tilbake til kommunen når du er ferdig med behandlinga der.

Lagring og deling av dine personopplysningar

Kor lenge lagrer me personopplysningane?

Kommunen lagrar personopplysninger om deg så lenge det er naudsynt for å oppnå det føremålet personopplysningane blei samla inn og handsama for. Det betyr at personopplysningar me handsamar for å oppfylle lovpålagte plikter vert lagra så lenge lovheimelen krev det. For eksempel kan heimlar i arkivlova påverke kor lenge personopplysningar om deg blir lagra. Dersom kommunen handsamar personopplysningar om deg med grunnlag i ditt samtykke, vil me slette opplysningane om deg viss du trekkjer tilbake samtykket eller i tråd med den tid samtykket er avtalt å gjelde for.

Overføring internt i EU/EØS

I nokre tilfelle blir dine personopplysningar overført til eksterne mottakere. Dette vil typisk vere til andre offentlege verksemder, som for eksempel NAV, ulike sjukehus, Utdanningsdirektoratet, Skatteetaten, med fleire. I tilfeller der me deler personopplysningar med andre offentlege verksemder, skjer det som oftast fordi me er pålagde å gjera det gjennom lov eller forskrift.  

Lærdal kommune brukar også eksterne leverandørar til å levere ulike system og tenester til kommunen, og dine personopplysningar kan bli handsama i slike system. I mange slike tilfelle vil den eksterne leverandøren ha tilgang til opplysningane dine. Kommunen inngår alltid godkjent databehandlaravtale med sine eksterne leverandørar, som regulerer handsaminga av personopplysningar og tryggleiken rundt handsaminga for å sikre at personvernet blir ivareteke.

Overføring ut av EU/EØS

I nokre tilfelle vil imidlertid personopplysningar bli overført ut av EU/EØS, til såkalte tredjeland. I slike tilfelle skal gyldig overføringsgrunnlag føreliggje. Når det gjeld sosiale medier som Facebook eller Twitter eller bruk av analyseverktøy og Google Analytics er det diverre ikkje mogleg for kommunen å garantera at tredjepart ikkje loggar desse opplysningane. Difor avgrensar Lærdal kommune bruk av sosiale medier og kontrollerer nøye kva type informasjon som blir lagt ut på vegner av kommunen. 

Rettsleg grunnlag for handsaming av dine personopplysningar

For at Lædal kommune skal kunne levere kommunale tenester til deg, kan det vere naudsynt å handsame personopplysningar. For at handsaminga av personopplysningar skal vere lovleg, må det liggje føre eit behandlingsgrunnlag.  

Kommunen er ofte lovpålagt å tilby tenester til sine innbyggjarar, og det er i dei fleste tilfelle lover med forskrifter som utgjer det rettslege grunnlaget for å handsama dine personopplysningar.  
Her er nokre sentrale lover som regulerer kommunane si handsaming av personopplysningar (ikkje uttømmande):  

  • Personopplysningsloven med forskrifter og tilhøyrande personvernforordning.  
  • Offentleglova
  • Barnevernlova 
  • Forvaltningslova  
  • Arkivlova  
  • Kommunelova 
  • Rekneskapslova 
  • E-kom-lova 

Må kommunen ha ditt samtykke for handsaming av dine personopplysingar?

I tilfelle der kommunen ynskjer å handsama personopplysningar om deg utan at kommunen har heimel i lova, kan kommunen be om ditt samtykke til handsaminga. I slike tilfelle vil du bli informert om kva behandlinga går ut på og aktivt bli beden om å samtykke til behandlinga. Samtykket ditt skal være friviljugt og du kan når som helst trekkje tilbake samtykket.

Kommunen brukar berre samtykke som behandlingsgrunnlag når den ikkje har eit anna rettsleg grunnlag for handsaminga av personopplysningane. Dette vil til dømes vere tilfelle når kommunen sender ut spørjeundersøkingar.

Les meir om samtykke: Datatilsynets nettsider om samtykke og personvernforordningen artikkel 7 

Informasjonskapslar (Cookies)

Når du bruker nettsida til Lærdal kommune, legg nettlesaren din att elektroniske spor og informasjon. Me brukar informasjonen til å utbetra innhaldet på nettsidene, og dei kommunale tenestene.

Ifølgje Lov om elektronisk kommunikasjon (ekomlova), må alle besøkjande på ein nettstad få vita om nettstaden nyttar informasjonskapslar. Dei må og ha tilgang til informasjon om årsaken til at desse blir nytta. Besøkjande må samtykke til at informasjonskapslar blir brukt. Dette vert godkjent gjennom innstillingar i nettlesaren.

Merk deg at om du ikkje godkjenner dette, vil du kanskje ikkje kunne bruka alle funksjonane på denne nettstaden. Ved å bruka denne nettstaden, samtykker du til handsaming av data om deg, til dei føremål som er lista opp under.

Informasjonen som informasjonskapslane hentar inn, brukar me for å gjera brukaropplevinga betre. Informasjonen blir berre brukt internt og hjå samarbeidspartnarar som jobbar med nettutvikling for oss.
Me bruker ikkje informasjonskapslar for å kartleggja enkeltbrukarar, eller samla anna informasjon som vil kunne krenkja personvernet.

Kva gjer informasjonskapslar?

Ein informasjonkapsel er ein kode som vert send frå vår servar til nettlesaren på din PC når du er inne på heimesida. Denne koden vert lagra i nettlesaren. Når du seinare går inn på heimesida, vil informasjonskapselen verte sendt frå nettlesaren din til servaren vår, som vil "kjenne att" din PC. Dette gjer det mogleg for servaren å tilpasse tenestene til deg som brukar. Har du til dømes stilt inn for høgkontrast attgjeving ein gong, vil servaren syte for at du slepp å gjere den innstillinga om att.

Informasjonskapsler blir brukt til personalisering, pålogging, språkstyring og for statistikk som blir brukt til utbetring av nettsidene.

Lov om elektronisk kommunikasjon (ekomlova) tredde i kraft 1. juli 2013. Lova regulerer vilkår for lagring av opplysningar i kommunikasjonsutstyr - den sokalla "cookie-paragrafen" (ekomlova §2-7b).

Dei fleste nettlesarar er innstilte slik at dei automatisk aksepterer informasjonskapslar. Dersom du ikkje ynskjer å ta dei i bruk, kan du endre innstillingane i nettlesaren slik at informasjonskapslane ikkje vert lagra automatisk. Du kan bestemme om alle skal blokkerast, eller om du skal ha høve til å velje om dei skal aksepterast eller ikkje. Ved å ikkje akseptere informasjonskapslar, unngår du at PC-en din vert "kjend att" på sida du vitjar. Men samstundes må du rekne med å gå glipp av ein del av dei funksjonane som sida elles tilbyr.

nettvett.no kan du lesa om korleis du stiller inn nettlesaren for å godta/avvisa informasjonskapslar, og få tips til sikrare bruk av internett.

Korleis tek me vare på dine personopplysningar?

Kommunen har plikt til å sørgje for at dine personopplysningar blir handsama på ein sikker måte. Lærdal kommune vernar opplysningane på forskjellige måtar, for eksempel gjennom tilgangskontroll, brannmurar og jamleg opplæring av våre tilsette. Kommunen har i tillegg beredskapsplanar som skal bidra til å avgrensa eventuelle skader dersom noko skulle gå gale.  

Kommunen sine tekniske tryggleiksløysingar skal sikre at:  

  • Uvedkommande ikkje får tilgang til opplysningane dine
  • Opplysningane om deg er tilgjengeleg når det er behov for dei
  • Opplysningane ikkje kan endrast eller manipulerast etter at dei er registrert
  • Organisasjonen og systema er motstandsdyktige, og evnar å gjenopprette normaltilstand raskt ved uventa hendingar.

 
Alle tilsette i Lærdal kommune er underlagt lovbestemt teieplikt. Det er berre tilsette som jobbar med saka din som har tilgang til dine opplysningar.

Kva rettigheiter har du?

Innsyn i eigne personopplysninger

Du kan be om innsyn i kva opplysningar me har lagra om deg. Du har krav på svar utan ugrunna opphald, og seinast innan 30 dagar.

Spørsmål om innsyn i personopplysningar

Kan sendast på epost til post@laerdal.kommune.no.
Hugs å ikkje skrive sensitive opplysningar i eposten.

Du kan og sende brev til vår postadresse:
Lærdal kommune
Øyraplassen 7,
6887 Lærdal

Merk konvolutten med «Innsyn i personopplysningar».

Du kan og ta kontakt med personvernombodet vårt.

Retting av personopplysninger

Dersom kommunen sine opplysningar om deg ikkje er korrekte, har du rett til å få dei korrigerte. Det gjeld og om kommunen ikkje har komplette opplysningar om deg. 
Les meir om retten til retting: Datatilsynets nettsider om rettigheten og personvernforordningen artikkel 16

Sletting av personopplysninger

Du kan ha rett til å få sletta opplysningane om deg sjølv. Om du meinar kommunen handsamar informasjon om deg som ikkje er naudsynt, kan du be om at denne informasjonen blir sletta. Dette gjeld ikkje dersom opplysningane skal oppbevarast i samsvar til annan lovgjeving, for eksempel arkivlova. 
Les meir om retten til sletting: Datatilsynets nettsider om rettigheten og personvernforordningen artikkel 17

Avgrensning av handsaming av personopplysningar

I visse tilfelle kan du krevje at had\ndsaminga av dine personopplysningar blir avgrensa. Dette kan for eksempel skje om du meiner at personopplysningane dine ikkje er riktige, og det vil ta tid for kommunen å vurdere dette.

Avgrensing av opplysningane inneber at personopplysningane som blir samla inn ikkje lenger kan handsamast, men framleis lagrast, inntil vurderinga av kva som skal gjerast med personopplysningane er fullført, og eventuelle naudsynte handlingar, for eksempel å rette personopplysningane, er gjennomførde.  

Les meir om retten til avgrensning: Datatilsynets nettsider om rettigheten og personvernforordningen artikkel 18

Dataportabilitet

For einskilde handsamingar kan du ha rett til dataportabilitet. Det vil seia at du kan krevje å få overført personopplysningar frå Lærdal kommune til nokon andre. Denne rettigheita har likevel fleire unntak. Retten gjeld blant anna ikkje om kommunen handsamar personopplysningane dine for å utføre ei oppgåve i allmennheita si interesse eller kommunen utøver offentleg myndigheit.

Les meir om retten til dataportabilitet: Datatilsynets nettsider om rettigheten og personvernforordningen artikkel 20

Protestar mot ei handsaming av personopplysningar

Du kan protestere på at kommunen behandlar opplysningar om deg. Retta din gjelder ikkje i de tilfelle kommunen behandlar personopplysningar om deg for å utføre ein avtale du har med oss, eller om kommunen er pålagt gjennom lov å behandle opplysningane.  

Les meir om retten til å protestere: Datatilsynets nettside om rettigheten og personvernforordningen artikkel 21

Klage

Du kan klage til Datatilsynet viss du ikkje er nøgd med korleis kommunen handsamar dine personopplysningar, eller du meiner handsaminga strir med personvernreglane. Informasjon om korleis du går frem for å klage finner du på nettsidene til Datatilsynet.

Personvernombodet i Lærdal kommune kan kontaktast for bistand