Brannvernveka vert arrangert laurdag 24.september som ein del av den nasjonale Brannvernveka. Me flyttar brannbilar, utstyr utandørs, slik at flest mogleg skal få moglegheit til å bli betre kjent med oss. Nokon hint for dagen er; sitte i brannbilar, bli kjent med noko av ustyret vårt, helse på brannkonstablar.

Me skal og gjennomføre kunnskapsløype, her får barna med seg eit svarkort som skal fyllast ut. Alle som stiller er med i trekninga av ein premiesekk.

Tidspunktet er ikkje tilfeldig. Hausten markerer inngangen til ei tid på året då mengda av bustadbrannar vanlegvis aukar, blant anna som følgje av høgare straumforbruk og meir bruk av levande lys.

Målet for dagen er at alle kan litt meir om brannsikkerheit når de reiser heim,


Svein Ove Åmås
Branninspektør
Tlf. 97 57 84 90