Alle kommunar er pålagd å ha byggjetilsyn, og føre kontroll på at bygningar og tiltak vert sett opp og gjennomførd som omsøkt. Dette er for å sikre kvalitet, tryggleik og HMS, og det vert og kontrollert i høve om bygningar/tiltak er førd opp i tråd med løyve osv. Lærdal kommune har hatt utfordringar med å få gjennomførd byggjetilsyn over ein del år, og har difor eit større etterslep på dette. Det siste året har me difor hatt avtale med Sogn Brann og redning, noko som har gjort at det no er eit godt system på byggjetilsyn i kommunen, og dei har og gjennomførd ein god del kontrollar. Tilsyna vert gjennomførd både hjå næringsdrivande, hjå private og på offentlege byggjeplassar, og vert gjennomførd i alle fasar i byggjeprosessen, også som kontroll i ettertid.
Byggjetilsynet har i den siste tida vore på kontrollar på nokre større byggjeplassar i Lærdal. Det vert her gjennomførd blant anna dokumentkontroll for avfallsplanar, internkontroll, teikningar, løyver osv. Byggjetilsynet har komme med gode tilbakemeldingar etter desse byggjeplasstilsyna, har ikkje noko å bemerke, og skryt av bygg- og anleggsnæringa på byggjeplassane for god orden i dokument og på byggjeplassen generelt.
På grunn av etterslepet på slike saker, er det fokus på å få gjennomførd ulike tilsyn i tida framover, både innmeldte frå kommunen og andre, men og stikkprøvar. Større avvik som er funne blir følgde opp, og i alvorlege tilfelle, blir det starta ulovlegheitsoppfølging. I utgangspunktet ynskjer kommunen å priorere å arbeide førebyggjande, og fleire av sakene vert løyst med god dialog og rettleiing for å få søknadar inn og behandla i tråd med lovverket. Det er alltid den som byggjer sitt ansvar å sette seg inn i reglane som gjeld for sin eigedom, og for sitt byggjetiltak. Ta difor tidleg kontakt med kommunen for råd og rettleiing, og naudsynte avklaringar før du går i gang med tiltaket. Er du usikker på om du, eller kanskje tidlegare eigar av eigedomen, kan ha bygd ulovleg, så oppfordrar me til å ta kontakt for å finne løysingar.
Oppdaterte tegninger.Søknader / Løyver.Ansvarsærklæringer.Avfallssorteringsplan.Internkontroll.
Byggetilsynet med gode tilbakemeldingar etter byggeplasstilsyn
Byggjetilsynet i Lærdal er no godt i gang med gjennomføring av kontrollar. Dei har blant anna i det siste vore på kontroll på fleire større byggjeplassar i Lærdal, og har her gode tilbakemeldingar å komme med.