- Me har beskore tre, rydda småkvist og lauv, plukka sigarettsneipar og snus - generell vårrydding, men litt ekstra på grunn av helga, seier Bjørn Fodnes.
Han, Ernst Inge Brugrand og andre på teknisk i Lærdal kommune har vore i sving for å gjera sentrumskjerna pen og pynt til Lyse dagar i Lærdal. Det starta alt torsdag med fagdagen “Sirkulære Sogn”, held fram fredag med Fox og Longhorn som har showet “Frå rock & roll til country - ei musikalsk reise gjennom 55 år” på Lærdal showteater, og så skjer det masse heile laurdag - klikk her for å lesa meir om det.
Strålande vêrmeldingar
Så då har folka på teknisk gått grundig til verks.
- Me gjekk og handplukka snusposar og sneipar for å få det vekk. Vårryddinga er noko me gjer kvart år, men me gjer oss litt ekstra flid når folk skal sitja ute og eta frukost og med alt det andre som skjer.
- Så køyrer me ut resten av benkene så alle utebenkene skal vera på plass til helga, fortel Brugrand.
Det er meldt strålande sol og 14-15 grader laurdag, så det blir verkeleg lyse dagar i Lærdal.
Så vil resten av nærområdet til sentrum få seg ei oppskeining vidare etter helga.
- Heile rådhusområdet og Gamle Lærdalsøyri har me teke no. Så held me fram i Lærdal sentrum og fram Øyragata. Feiinga er i full gang også, fortel Fodnes.
I tillegg var det ryddeaksjon i heile kommunen tidlegare i veka, der både frivillige og lag og organisasjonar gjorde ein flott innsats!