Dei kommunale toaletta som ligg ved venterommet på Lærdal rådhus har vore stengt måndag. Tysdag vil det eine toalettet vera ope for bruk att, men hc-toalettet vil verta stengt ei stund framover.
Bakgrunnen er at ein del inventar på hc-toalettet har vorte øydelagt grunna hærverk. Dermed må det som er øydelagt erstattast av nytt inventar, og det er usikkert kor kjapt dette kjem på plass.