I medhald av plan- og bygningslova §12-8 varslast det oppstart av planarbeid for Koperhola på Nordre Bjørkum i Lærdal kommune. Statens vegvesen er i gang med planlegging av oppgradering av Lærdalstunnelen. Oppgraderinga vil medføre eit masseoverskot. Koparhola er nytta til massedeponi/masseuttak i dag, og planarbeid inneber ei vidareføring av denne bruken av området.
Les meir her:
Brev om planarbeidet
Plangrense
Planinitiativ
Vedtak om oppstart av planarbeid
Alle som vil kan koma med innspel til oppstart av planarbeidet.
Innspel til planarbeidet vert å senda til COWI AS, ved: Anja Urdal Vinje, Rennesøygata 12, 5537 Haugesund eller på epost: auv@cowi.com innan 21.12.2022.