Olsok er minnedagen for Olav den heilage sin død på Stiklestad 29. juli i år 1030. På same datoen i 2023 er det olsokgudsteneste i middelaldertradisjon ved Daniel Tonheim i Borgund stavkyrkje klokka 18.00, det er også dåp under gudstenesta.
- Feiringa Lærdal i 1000 år er ein del av Nasjonaljubileet 2030 - Noreg i tusen år, som går dette tiåret og skal avsluttast på Stiklestad 29. juli 2030, tusen år etter at Heilage-Olav fall der. Lærdal er med på dette jubileet fordi Heilage-Olav drog gjennom Lærdal hausten 1023, og at me har segner og naturformasjonar som Jutlamannen, Olavsklemma og Olavskjelda på Fodnes som er knytt til denne ferda, forklarar Anna Jorunn Avdem i tusenårsnemnda.
I tillegg bllir det pilgrimsvandring med Olavtekstar langs historiske Vindhella før gudstenesta, her er det oppmøte i Rimskjold klokka 16.30. Så blir det kyrkjekaffi i besøksenteret etter gudstenesta.
Det har allereie vore fleire arrangement i Lærdal i samband med tusenårsjubileet - mellom anna signerte Lærdal kommune ved ordførar Audun Mo avtale om å vera ein del av dette den 8.juni, og tok samstundes imot ein avleggar av Olavsflammen som vart tent på Stiklestad olsok 2020 - som start på nasjonaljubileet.
Fleire arrangement blir det utover seinsommaren og hausten - hald deg oppdatert på jubileumssida ved å klikka her.