Tema var grunnvassanlegg og tekniske anlegg i samband med dette. Lærdal kommune har nyleg sett i drift nytt grunnvassanlegg etter mange år med planlegging og utgreiingar. Vassforsyninga er nå sikra både til kommunesenteret Lærdalsøyri og industriområdet på Håbakken.

Vel 30 personar frå 10 kommunar og 3 leverandørar deltok på fagdagen som vart avrunda med synfaring på det nye vassbehandlingsanlegget på Hauge.

Dei fleste deltakarane kom til Lærdal dagen før, og me fekk høve til å syna fram bygda vår.
Me var heldige som fekk Kåre Hovland til å ta med deltakarane ein rundtur på gamlaøyri.

Teknisk