- Me har behov for einingar med både ein, to og tre soverom. Det er ynskjeleg med bustader som ligg sentrumsnært. Det kan og vere ynskjeleg med bustader i andre deler av kommunen om det er tett på ei grend eller ein butikk, forklarar leiar for NAV Lærdal, Einar Moen.
Helst langtidsleige
Både leilegheiter, rekkjehus og einebustader kan passa, ettersom det er ulike storleikar på busetjingane NAV Flyktningtenesta har framover. I utgangspunktet er det snakk om leige, men om det skulle medføra sal til slutt, er det berre eit pluss, påpeikar Moen.
- Det er snakk om vanleg husleigekontrakt med tre månader oppseiing. I praksis ønskjer me langtidsleige, men vanleg kontrakt fungerer normalt sett. Me snakkar gjerne med eigar om kva som er deira planar.
- Til å stola på
Elles om leigeforholdet fortel han:
- Kommunen plar vera til å stola på, så me har skjeldan depositumsordning når kommunen er leigetakar.
Utover at bustaden helst bør vera sentrumsnært, eventuelt relativt nær butikk eller grendasentrum, bør det vera ein viss kvalitet, forklarar Moen:
- Isolert, tette glas, ikkje for dyr straumrekning. For hus, gjerne med varmepumpe.