Invitasjon til folkemøte om oppgradering av Lærdalstunnelen

 9z 7IB 8IwWNiIgESvV 4IiISKAWNiIgESkEjIiKBUtCIiEigFDQiIhIoBY 2IiARKQSMiIoFS 0IiISKAUNCIiEigFjYiIBEpBIyIigVLQiIhIoBQ 0IiISKAWNiIgESkEjIiKBUtCIiEigFDQiIhIoBY 2IiARKQSMiIoFS 0IiISKAUNCIiEigFjYiIBEpBIyIigVLQiIhIoBQ 0IiISKAWNiIgESkEjIiKB i 8hpuPjko 8XCAAAAABJRU 5ErkJggg==

Aurland: 26. oktober, kl. 19.00 i Aurland idretts- og samfunnshus (AIS)

Lærdal: 27. oktober, kl. 19.00 i Villakssenteret.

 

Som kjent gjennom media planlegg Statens Vegvesen (SVV) oppgradering av tunnelar på Europavegnetten, deriblant Lærdalstunnelen.

Nyleg gjekk SVV ut med førebels plan om total stenging av Lærdalstunnelen i eit år. Dette grunna tryggleik og effektivitet under den mest utfordrande anleggsperioden.

Mange har reagert negativt på planen, og blant andre pendlarar og næringsaktørar ser store utfordringar med dette.

Ordførarane i Lærdal og Aurland tykkjer saka er krevjande, og saman med SVV finn me det rett å skipe folkemøte om saka. Her vil Statens Vegvesen orientere.

Det vil bli høve til å stille spørsmål, synleggjere utfordringar og ev. bidra til løysingar.

 

Vel møtt!

 

Audun Mo                                             Stig Berg-Thomassen                            Trygve Skjerdal

ordførar i Lærdal                                    prosjektleiar, SVV                               ordførar i Aurland