Ryddedugnaden blir delt i 3 soner: Øyri, Ljøsne og på Borgund.

 

Oppmøtepunkt:

Lærdalsøyri:      Klubbhuset til Lærdal idrettslag/skyttarhuset

Ljøsne:                Ljosheim ungdomshus

Borgund:            Borgund samfunnshus

Det blir plassert container på øyri ved klubbhuset til Lærdal IL / skyttarhuset, og tilhengar på Borgund og Ljøsne som skal nyttast til innsamling av boset.

 

Ved oppmøte får ein utdelt avfallsposar og handskar før ein reiser ut i sin utdelte rode.  Dei som ikkje har moglegheit til å frakte boset til oppsamlingspunkta etter ryddinga, kan sette dette langs vegen (knyt posane godt), så blir dei samla inn. Det skal være nokre sjåførar som kan hente boss i løpet av kvelden.

 

Hugs! Ta med deg refleksvest!