Invitasjon til å koma med innspel til kommunen sin vurdering av konsekvensar for samfunnet vårt gjeld alle innbyggjarar, næringsliv, lag og organisasjonar osv.
Stengingsalternativa som er føreslege på noverande tidspunkt kan delast i to hovudalternativ:
- Full stenging i ein eller fleire lange periodar
- Stenging i delar av døgnet
Det kan tenkast fleire variasjonar og kombinasjonar innafor dei to hovudalternativa.
Aktuelle tema/tenester/område som blant anna må vurderast i ein konsekvensutgreiing er konsekvensar for:
- Beredskap- samfunnstryggleik
- Akuttmedisinske teneste (legevakt m.m.)
- Næringslivet
- Veterinærvakt
- Bu- og arbeidsmarknad (pendling for yrkesaktive og studentar, lag/organisasjonar, barn- og unge m.m.)
- Interkommunalt samarbeid
- m.m.
For å sikre ei breiast mogleg vurdering før kommunen leverer sitt samla innspel til Statens vegvesen, er me avhengige av innspel og medverknad både i og utanfor kommunen.
Alle innspel til kommunen sin vurdering av konsekvensane av stenging av Lærdalstunnelen for samfunnet vårt skal sendast til post@laerdal.kommune.no innan 20. januar 2023. Innspel kan vera både i epost-format, word-format og pdf. Grunngjev gjerne innspelet, og kom gjerne med framlegg om avbøtande tiltak som kan løyse dei største utfordringane med ulike stengingsalternativ.
For spørsmål om saka, ta kontakt med
Ordførar Audun Mo, tlf. 992 05 006, epost: audun.mo@laerdal.kommune.no
eller
Arealplanleggjar Monika Lysne, tlf. 905 16 686, epost: monika.lysne@laerdal.kommune.no