Fristen for å føreslå kandidatar er måndag 2. oktober 2023. Meir om korleis du føreslår kandidatar lenger nede i artikkelen.

Organisasjonar som representerer ungdom, eldre eller personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda til å føreslå kandidatar.

Føremålet med råda er å sikre brei, open og tilgjengeleg medverknad for ungdom, eldre og personar med nedsett funksjonsevne i saker som vedkjem dei. Råda skal ikkje handsama saker som gjeld eisnkildpersonar.

Medlemmane i rådet for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne blir rekna som folkevalde og blir valde av kommunestyret for fire år, i samsvar med kommunestyreperioden 2023–2027. Medlemmane i ungdomsrådet blir valde for eitt år, 2023–2024.

Kven kan sitja i råda? 

Utgangspunktet er at alle eldre personar i kommunen kan bli vald til å sitja i råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne. Over halvparten av medlemmane som representerer dei eldre skal vera fylt 60 år. Kandidaten må ikkje vere medlem i organisasjonen som fremjar hen.

Medlemmane i ungdomsrådet skal på valtidspunktet ikkje ha fylt 19 år. 

For å sikra breiast mogleg representasjon, bør råda bestå av personar med ulik erfaring og bakgrunn.

Kommunelova sitt krav om kjønnsbalanse gjeld også for råda, så det er ein fordel om me får framlegg til kandidatar frå begge kjønn.

Dei som skal sitja i råda må kunne:

  • ta ordet i ei forsamling
  • skriva framlegg til vedtak
  • setja seg inn i sakspapir
  • representera meiningar og interesser frå gruppa dei representerer

Medlemmar og møtande varamedlemmar i råda får møtegodtgjersla for pliktige møte. Møtegodtgjersla dekkjer også for- og etterarbeid, som å setja seg inn i sakspapira, skriva framlegg til vedtak osv. Alle nye medlemmar vil få opplæring.

Slik føreslår du kandidater

Framlegget må innehalda:

  • namn og kontaktinformasjon til organisasjon som kjem med framlegget
  • namn og kontaktinformasjon til kandidat(ane)
  • informasjon om kva organisasjon vedkomande representerer
  • kort grunngjeving for kvifor dette er ein god kandidat (bakgrunn, erfaring, alder) 
  • stadfesting frå kandidat(ane) om at hen kan bli valt til rådet (e-postmelding er tilstrekkjeleg) 

Send framlegg innan måndag 2. oktober på e-post eller med brev. 

E-postadresse: post@laerdal.kommune.no  

Postadresse: Lærdal kommune, Øyraplassen 7, 6887 Lærdal

Kva skjer med innsende framlegg?

Alle framlegga til kandidatar blir lagt fram for formannskapet, som gjev innstilling til kommunestyret. Det er kommunestyret som vel råda, og som vedtek både samansetjing og kor mange medlemmar råda skal ha.

Har du spørsmål? Kontakt oss gjerne e-post.