Brannmannskapet i Lærdal fekk rask bistand frå brannmannskapa i Årdal og Aurland, i tillegg til at fleire bønder kom til med gyllevogner.
Ein fekk etterkvart kontroll på brannen, og kun ein bygning er totalskadd, medan dei to andre er redda med lettare skader. Det var ikkje dyr i bygningane. To personar fekk sjekk hjå legevakta, men ingen er komen til skade. E16 var stengt ein periode på grunn av eksplosjonsfare men opna att etter ei tid.
Sløkningsarbeidet vil pågå utover ettermiddagen og kvelden, og det vil også vere vakthald i området.
Kontaktperson for info:
Brannsjef Gaute Johnsgaard 901 16 265