Ordninga med tilbod om fastprisar på straum trer i kraft frå 1. januar 2023. Følgjande prisar er fastsett:

  • Pris på 70 øre eks mva ved avtale om kontakt på eitt (1) år
  • Pris på 50 øre eks mva ved avtale om kontrakt på tre (3) år

Tilbodet vert avgrensa til tilgjengeleg uttak av konsesjonskraft. Sal av konsesjonskraft til fastpris skal gjelde heile næringslivet i Lærdal, inkludert landbruket. Kommunen vil i løpet av hausten kome tilbake med meir praktisk informasjon om korleis ordninga skal praktiserast, og korleis sin skal gå fram for å nytte seg av tilbodet.
Meir informasjon om vedtaket finn ein her.