Prosjektet i regi av Nasjonale turistvegar med å opparbeida ein rasteplass med fasilitetar i Sluppen blir no fullført, og i den samanheng blir det opning 31.mai der alle er velkomne. Slik er programmet, som startar kl. 14:
- Kulturelt innslag
- Velkomen, ved Per Ritzler, Nasjonale turistvegar, Statens vegvesen
- Arkitekturen, ved Kari Bergo, Østengen & Bergo Landskapsarkitekter
- Kva det har å seia for reiselivet, ved Renate Kvåle Hagen, marknadssjef Visit Sognefjord
- Opning, ved lærdalsordførar Audun Mo
- Servering av Fredag & Fretland Bakeri