Lærdal kommune har fått gjennomførd kartlegging av kritiske punkt i bekkar og vassrag i kommunen. Kommunen har fått tilskot frå NVE til kartlegginga, og kartlegginga er gjennomførd av Sweco AS. Les gjerne meir om tilskotsordninga til NVE og kartlegginga her: Tilskudd til kartlegging av kritiske punkt i bekker og bratte vassdrag - NVE
Grunneigarar som har fått avdekka kritiske punkt på sine eigedomar har fått eige informasjonsskriv om dette.
Heile rapporten kan lesast her: Kritiske punkt i bekkar og bratte vassdrag, Lærdal kommune
Me minner og om at NVE har eigen innsynsløysing for diverse kartlagd flaum- og skredfareområde i kommunane, denne finn de her: NVE Atlas (trykk på linken, zoom inn i kartet på din eigedom, slå på ulike kartlag under Naturfare som f.eks. "Skred i bratt terreng, faresone/aktsemdsområde" eller "Flom, aktsemdsområde").
Kommunen har og tilgjengeleg detaljvurderingar for naturfare for mange stadar i kommunen som ikkje er tilgjengeleg i NVE Atlas.
Ta gjerne kontakt med kommunen om det er spørsmål til kartlegginga for kritiske punkt i bekkar og bratte vassdrag, eller spørsmål kring naturfare for din eigedom.
Kontaktperson:
arealplanleggjar Monika Lysne
tlf. 90516686
epost: moly@laerdal.kommune.no