Kommunen er pålagd gjennom Plan- og bygningslova å utarbeide ein samla kommuneplan, som skal innehalde ein samfunnsdel og ein arealdel. Kommunen kan i tillegg utarbeide kommunedelplanar for bestemte område eller temaplanar. Kommunestyret i Lærdal kommune vedtok Kommunal Planstrategi i juni 2021, der det går fram at det skal lagast ein kommunedelplan for oppvekst.
Ein oppvekstplan vil vera eit viktig politisk og administrativt styringsdokument. Her vert det synleggjort føringar for korleis politisk nivå ynskjer at tilbodskal leggjast til rette for inn mot barn og unge.Oppvekstplanen skal skildre no situasjonen og peike på komande utfordringar for etaten. Planen skal synleggjere mål for det kvalitative innhaldet i kommunale barnehagar og skular. I tillegg kan oppvekstplanen gje føringar for korleis tenestene skal bli organisert i perioden, og eventuelle lokale satsingsområde utover det lovpålagte.
Kommunestyret vedtok i møte 05.05.2022 oppstart av planprosessen, og la samstundes planprogrammet ut til høyring og offentleg ettersyn. Planprogrammet er ei skildring av korleis planprosessen skal føregå. Alle kan senda inn innspel til planarbeidet, kommentarar på planprogrammet, innspel til kommunen sine prioriteringar og satsningar inn mot born og unge, osv. Alle innspel vert å senda til epostmottaket til kommunen: post@laerdal.kommune.no eller med post til Lærdal kommune, Øyraplassen 7, 6887 Lærdal. Frist for å koma med innspel er sett til 30. juni 2022.
Les framlegg til planprogram her (trykk på lenka)
Les sakspapir frå møte i kommunestyret her (trykk på lenka)
Kontaktperson for planarbeidet er Camilla Grøttebø, rådgjevar for kultur og oppvekst. Ta gjerne kontakt dersom det er spørsmål til planarbeidet eller anna: camilla.grottebo@laerdal.kommune.no/ 993 76 631.